Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Stramt budsjett for 2021

Kommunedirektør Rune Lid presenterte i dag framlegget til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024.
- Det er nødvendig å gjennomføra omfattande grep for å unngå at kommunen hamnar i ROBEK-registeret (underlagt statleg kontroll), skriv kommunedirektøren i framlegget. Driftsbudsjettet for 2021 har ei ramme på 2,85 milliardar kroner og er lagt fram i balanse. 

Kommunedirektør Rune Lid presenterte i dag budsjettframlegget for 2021. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Rune Lid presenterte i dag budsjettframlegget for 2021. 

Kommunedirektøren og kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal, presenterte framlegget til 2021-budsjett på budsjettsamling for kommunestyret i dag. Dei fire andre kommunalsjefane hadde også presentasjon av sine kommunalsjefområde.

Pr. dato har kommunen redusert bemanninga med om lag 70 årsverk samanlikna med dei gamle kommunane. I løpet av neste år er det føreslått å redusera ytterlegare med 30 årsverk. Det er framlegg om at vikarbruken skal reduserast og det er aktuelt å omorganisera kommunalsjefområda Økonomi og Organisasjon og digitalisering. Det er også føreslått å fasa ut stillingar når tilsette seier opp stilling eller går av med pensjon. Kommunedirektøren ber også kommunestyret å ta prinsipiell stilling til sluttpakkar og oppseiingar.

I økonomiplanperioden er det budsjettert med eit netto driftsresultat på 1,75 prosent (50 millionar kroner) i 2022. Dette føreset at tal årsverk må reduserast med om lag 70 årsverk ut over det som ligg i budsjettet for 2021.

Handlingsreglar

Kommunalsjef for økonomi, Anne Erdal, orienterte om handlingsreglar for kommunen. Dette er mål om netto driftsresultat på 1,75 prosent (dvs. 50 millionar kroner). Kommunedirektøren har presentert budsjett i balanse for 2021, men målet er å nå målet om 1,75 prosent i netto driftsresultat frå 2022 (50 millionar kroner). Andre mål for handlingsreglar er at disposisjonsfondet utgjer fem prosent av brutto inntekter (150 millionar kroner) og at lån utgjer maksimalt 100 prosent av brutto inntekt. I dag er brutto inntekt om lag 2,9 milliardar kroner, medan lånenivået er 3,2  milliardar kroner.

Når det gjeld driftsbudsjettet utgjer Oppvekst om lag 40 prosent av totalbudsjettet, medan Helse og velferd utgjer 35 prosent. Framover er det forventa at Oppvekstdelen vil gå ned, medan Helse og velferd vil auka. Ein av grunnane til det er forventa stadig fleire eldre i åra som kjem.

Frie inntekter (skatt og rammetilskot) er budsjettert med om lag 2,2 milliardar kroner. Det er lagt til grunn ein lokal skatteauke i 2021 på 2,0 prosent frå 2020 til 2021. Det er budsjettert med 157,5 millionar kroner i eigedomsskatt og 14,5 millionar kroner frå havbruksfondet. Det er i budsjettet for 2021 budsjettert med utbytte på kr 9,1 millionar kroner, noko som er ein reduksjon frå kr 21,1 millionar kroner i 2020. Dette gjeld utbytte frå BKK og BIR. Årsaka er lågare straumprisar (BKK). Det er lagt til grunn av aksjane i BIR ved seld i løpet av den næraste framtid.

Det er føreslått gebyrauke i 2021 på 2,7 prosent. Dette tilsvarar foventa løns- og prisvekst.

Budsjettsamlinga vart halden i Hjeltefjorden Arena. - Klikk for stort bileteBudsjettsamlinga vart halden i Hjeltefjorden Arena. 
Føreslår 200 millionar kroner i investeringar

Kommunedirektøren føreslår at det vert investert for 200 millionar kroner i 2021 der 120 millionar kroner vert finansiert med lån. Dei største postane er vatn/avlaup Rong sentrum, Grønaplassen Straume, Kjøp av bygg Trigger, kulvert/busstopp Idrettsvegen Straume, ombygging av Liljevatnet barnehage, ombygging/rehabilitering bygg, forprosjekt og bygging Spildepollen barnehage, infrastruktur Blomvåg og velferdsteknologi sjukeheim.

Her er lenkje til framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024

Presentasjonen til kommunedirektør Rune Lid og kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal (PDF, 2 MB)

Presentasjon fire kommunalsjefar (PDF, 3 MB)

Formannskapet har arbeidsmøte om budsjettet den 3. november.  Formannskapet behandlar budsjettet den 17. november og legg det ut på høyring.  Budsjettframlegget skal drøftast av ei rekkje råd og utval. Kommunestyret vedtek endeleg budsjett den 17. desember.


Tekst og foto: Vigleik Brekke