Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Støttar opp om MOT-strategi

Ungdommens kommunestyre (UKS) slutta seg til framlegget til strategi for MOT-arbeidet i Øygarden kommune 2020-2024 då ungdomspolitikarane var samla til møte tysdag.

Frå møtet i UKS tysdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i UKS tysdag. 



 

I debatten brukte ungdomspolitikarane mest tid på spørsmålet om ein skal be om å få arrangert MOT-fest i vest. Nokre meinte at det er vanskeleg å prioritera eit slikt arrangement no, medan andre var meir innstilte på å be om at arrangementet burde prioriterast.

Etter eit lengre ordskifte, vart det fleirtal for eit forslag frå Håkon Øvretveit om at UKS vil framheva at MOT-fest i vest har vore eit veldig godt arrangement. UKS forstår likevel at ein kanskje ikkje kan prioritera desse midlane framfor andre behov, og ber i så fall om at det vert vurdert å arrangera eit rimelegare tilsvarande arrangement.

Elles slutta UKS seg til innstillinga frå kommunedirektøren der kommunedirektøren vert beden om å gå i dialog med Sotra vidaregåande skule for å medverka til at programmet "Robust ungdom 16–25" vert inkludert i skulearbeidet. Vidare vert kommunedirektøren beden om å prioritera at programmet "Barneskulen og barnehagen som samfunnsbyggjar" vert inkludert i  barneskular og barnehagar i kommunen i løpet av strategiperioden.

Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.

Sommarjobb for ungdom

Fungerande stabsleiar for drift, Kenneth Sangolt, orienterte om sommarjobb for ungdom.. Kommunen tilbyr sommarjobb til ungdom i alderen 16-19 år busett i Øygarden kommune. Kommunen tilbyr eit titals jobbar, og stabsleiaren opplyste at dei eldste vert gjerne prioriterte, men bakgrunn og ferdighet er også viktige kriterium. På nettsida til kommunen er det informasjon om sommarjobb for ungdom og elektronisk søknadsskjema.

Arbeidsmarknaden

Arbeidsmarknadskoordinator i NAV, region vest, Anne Kristin Overå, orienterte om arbeidsmarknaden. Etter ein kraftig stigning i arbeidsløysa i fjor vår og sommar då konsekvensane av koronaviruset slo kraftig ut på statistikken, har den totale arbeidsløysa (heilt ledige og personar på tiltak) gått gradvis ned. For tida ligg arbeidsløysa i region vest (Øygarden og Askøy) på 3,7 prosent.
- Vi ser definitivt ikkje mørkt på framtida, snarare tvert imot, sa Overå.

Orienteringar frå leiar i UKS

Leiar i UKS, Karoline Sæle Einevoll orienterte mellom anna om møte med ordførar Tom Georg Indrevik der temaet var strandrydding og samarbeid med organisasjonen In the same boat.

Det vart også gjeve orientering om ungdommens fylkesting i april der Sæle Einevoll og Emil Øvretveit deltok frå Øygarden UKS. Øvretveit vart vald inn i Vestland ungdomsutval.

På neste møte i UKS (31. mai) skal ungdomspolitikarane mellom anna drøfta om det skal arrangerast fleire digitale innspelsarrangement for ungdom knytt til samfunnsdelen til kommuneplanen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke