Aktuell informasjon

Stort engasjement for skulane sine

Leiinga i kommunen møtte tysdag kveld FAU (arbeidsutvalet til foreldrerådet) på Skålevik skule og Ulveset skule. Foreldrerepresentantane ønskjer primært å oppretthalda skulane sine.

Frå møtet med FAU på Skålevik skule. - Klikk for stort bileteFrå møtet med FAU på Skålevik skule. 

Bakgrunnen for møta med FAU var vedtaket i utval for samfunnsutvikling den 16. november om å utsetja saka om plassering av ny skule på vestsida. Utvalet ville ha synfaring på dei ulike tomtealternativa og ha møte med FAU på begge skulane. På møta med FAU møtte frå kommunen ordførar Tom Georg Indrevik, leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, konstituert kommunedirektør Rune Landro og prosjektleiar Jostein Foldnes.

Utval for samfunnsutvikling skal gjennomføra synfaring på dei ulike alternativa den 6. desember før utvalet den 7. desember gjev innstilling i saka. Målet er at kommunestyret gjer endeleg vedtak om konsept i midten av desember. Mandatet for moglegheitsutgreiinga var å sjå på aktuelle lokaliseringa av eín ny skule på vestsida.

Etter innleiing av ordførar Tom Georg Indrevik presenterte prosjektleiar Jostein Foldnes dei ulike alternativa med vekt på alternativa Skålvika, Møvika vest, Møvika og Ulveset. Foldnes beklaga at innstillinga om endra forslag til lokalisering kom seint og like før behandlinga i utval for samfunnsutvikling. Han understreka at kunnskapsgrunnlaget viser at det er behov for å utbetra vegen mellom Møvika og Skålvika.

Både ordførar Tom Georg Indrevik og leiar av utvalet, Andreas Kallekleiv, understreka kor viktig det er å koma med innspel og synspunkt før behandling i utvalet og i kommunestyret seinare i desember.

Skeptisk til Møvika vest-alternativet

Dei frammøtte på Skålevik skule gav klart uttrykk for at det er eit stort engasjement for skulen sin og at elevane har det godt på skulen. Dei var skeptiske til alternativet Møvika vest som kommunedirektøren har innstilt på. Elevane på dei ytre øyane som Syltøyna og Algrøyna vil få lang skuleveg (om lag 40 minutt) kvar veg. Det vart også vist til intensjonsavtalen for den nye kommunen som seier at ein skal ta vare på grendene. Det er også fleire som har busett seg i Skålvika-området ettersom det er lokalisert skule der.

Ordførar Tom Georg Indrevik takka for saklege innspel.

- Eg registrerer at viktige utfordringar er lang busstransport for nokre av elevane og at skulevegen ikkje er trygg slik han er i dag, sa ordføraren.

Ønskjer primært to skular

Også på Ulveset skule var det klar tale frå FAU-representantane. Primært ønskjer dei at begge skulane vert oppretthaldne. Dersom det skal byggjast eín ny skule på vestsida, må han plasserast på Ulveset.

 FAU på Ulveset skule 

Det vart stilt spørsmål om kven som står bak ideen om å byggja ein felles skule.

- Bakgrunnen for utgreiinga er vedtak i kommunestyret om å sjå på moglegheitene for eín ny skule for vestsida, sa Andreas Kallekleiv.

På møtet på Ulveset stilte dei spørsmål om kommunen har vore i kontakt med innbyggjarane og om det er teke kontakt med naboane til tomta på Ulveset.

- Har vi foreldre påverknadskraft i denne saka. Vi opplever at det som er gjort er forhasta, sa ein av FAU-representantane.

Andre innvendingar var at det er feil å byggja skule lengre vekk frå sentrum. Det vart også stilt spørsmål om forslaget om eín ny skule til erstatning for dei to eksisterande skulane er til barnas beste.

- Det er ingen eintydig dokumentasjon på kva som er til barnas beste. Det er vanskeleg å dokumentera dette, sa konstituert kommunedirektør Rune Landro.

Kommunedirektøren har innstilt på å lokalisera ein ny skule på vestsida i området Møvika vest - Klikk for stort bileteKommunedirektøren har innstilt på å lokalisera ein ny skule på vestsida i området Møvika vest. 

Andre tema som vart tekne opp var mellom anna etterbruk av bygget, trygg skuleveg, kostnader, vedlikehald og bruk av symjehallen på skulen.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at politikarane må ta ei heilskapleg vurdering. Andreas Kallekleiv takka for saklege spørsmål og innvendingar og understreka at endeleg vedtak ikkje er fatta. I første omgang skal utval for samfunnsutvikling behandla saka den 7. desember. Etter planen gjer kommunestyret konseptvalvedtak i midten av desember. Investeringsvedtak vert gjort seinare.


Tekst og foto: Vigleik Brekke