Største gudsteneste vestom brua nokosinne

Det har vore mange historiske augneblink i den nye kommunen, Øygarden, denne veka. I dag var to tusen personar samla til fellesgudsteneste i Sotra Arena. Dette var avslutninga på opningsveka for den nye kommune. Arrangementa inklusive aktivitetar laurdag føremiddag har samla over ni tusen personar denne veka.

Barnekor - Klikk for stort bileteBarnekor Kjell Andersland  

Det har nok aldri vore samla så mykje folk til ei gudsteneste vestom Sotrabrua før. Det var bra at det var baka to tusen fem hundre bollar til kyrkjekaffien etterpå. Også dette arrangementet viste at det er eit blomstrande kulturliv her vest med mangfald og kvalitet, ikkje minst innan song og musikk.

Ordførar Tom Georg Indrevik vart intervjua av to elevar frå Danielsen skule. Etter dei enkle spørsmåla, kom dei litt meir krevjande. Kva betyr kristenlivet for kommunen, ville dei vita.

- Kyrkja, bedehusa og frimenighetene betyr mykje for den nye kommunen. Sjølv var eg med på YA på Kolltveit. Seinare har eg vore engasjert i speidaren. Eg var også i styret for KFUM/KFUK her ute i starten, sa Indrevik. Pastor Tom G. Johnsen bad også ei bøn for ordføraren.

Ungdomsskulelevar intervjuar ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteUngdomsskulelevar intervjuar ordførar Tom Georg Indrevik Kjell Andersland  

Etter gudstenesta sa ordføraren at det er flott at mange forsamlingar samlast på denne måten under eitt tak. Sokneprest i Hjelme og Blomvåg, Espen Tveten, kyrkjeverje Olav Martin Vik og mange kyrkjeleiarar smilte breitt etter samlinga i dag.

Dei vise menn

Denne sundagen er Heilage tre kongars dag og sokneprest i Foldnes, Maria Tveten, heldt tale og dramatiserte historia om dei tre vise menn som kom frå austerland for å besøkja Jesus-barnet. Konfirmantar hadde laga video om dei tre vise menn som gjorde seg klar for den lange reisa med stjerna som kompass.

- Vi veit ikkje om dei var kongar eller kor mange det var, men dei hadde no tre gåver med seg, sa ho og gjekk gjennom det som skjedde.

- Dei vise menn leita etter Jesus og fann han. Hyrdingane leita etter han og fann Jesus. I likninga om det bortkomne sauen leita Jesus etter den eine sauen, altså etter oss. Jesus let seg finna, eller gjerne; han finn oss, sa Tveten.

Mathias Fosse vart intervjua om det å følgja Jesus.

- Mitt tips for dei som leitar etter han; bruk Bibelen, bøna og det kristne fellesskapet, sa Mathias.

Heile gudstenesta var prega av at her var mangfaldet av kristenlivet vestom brua engasjert. Metodistprest Tom G. Johnsen leia gudstenesta saman med unge Hanne Holmedal med bakgrunn i Straume Forum og Tremorkirken. Andre aktørar som gav oss song og musikk av høg kvalitet var Sotra Reviderte, Fjell kyrkjebrass med organist Aasmund Brekke på piano. Gjennomgåande dirigent var Olav Sørheim.

Andre som bidrog var mellom anna Aasmund Brekke-Band, felleskor, forsongarar, kor leia av Telos, barnekor, bønepostar ved INRI-kyrkja og Den norske kyrkja, Kristent fellesskap, bøn ved pastor Norleif Askeland. Og det var mange bollebakarar denne helga. To tusen fem hundre bollar måtte til for å metta eit par tusen. Det såg ut til at alle ville ha kyrkjekaffi. Speleflate tre var fullpakka av folk. Kollekten gjekk til Basecamp.

Som ein del av gudstenesta var det lagt inn bønevandring. Gudstenestedeltakarane vandra rundt til forskjellige postar. Mellom anna kunne dei merka av stader dei ønskte å be spesielt for.

Arrangementa på nyttårsaftan (Skogsskiftet), nyttårskonsert (1. januar), opningsfest, aktivitetar, korslag, dans (4. januar) og fellesgudsteneste (5. januar) samla over ni tusen personar. 350 personar løyste billett på dans med Gardsbruk laurdag kveld. 

Sjå video frå opningsveka her

No ligg det video frå opningsfesten/Glesnesrevyen og korslaget 4. januar. Her vil det også koma video frå gudstenesta søndag 5. januar.

For å finna det arrangementet du er på jakt etter, klikk på ikon oppe til høgre eller på pil høgre/venstre i videoen.

Du kan også sjå videoen her.

Her er fleire bilete frå gudstenesta:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete