Storslagen opning av fleirbrukshallen 24. august

hjeltefjorden.JPG - Klikk for stort bilete Øygarden kommune feirar opninga av fleirbrukshallen med storslagen Ylvis konsert

  • Fredag 24. august kl. 20 -22 i Hjeltefjorden arena på Rong i Øygarden
     
  • Konserten opnar fleirbrukshallen Hjeltefjorden arena
     
  • Eksklusiv moglegheit  til å oppleve YLVIS live i Øygarden

Det vert billettsalg via ticketmaster fra og med mandag på det store korslaget og Ylvis.
Prisar:
Ylvis kr: 495,-
Det store korslaget kr. 150,-

Vi ønskjer at Ylvis konserten skal vera til glede for innbyggjarane i heile regionen og at det vert ei fullpakka hall denne dagen.

Byggherre har lagt vekt på allsidig bruk, funksjonalitet og fleksibilitet.
Den planlagde opninga startar i veke 34 med foredrag, konsert, korslag, Øygardsmila, marknadsgata og open idrettsdag, heile aktivitetsveka framhevar Hjeltefjorden Arena som ei anvendeleg storstove for alle. Ungdomsskulen tek i bruk hallen gjennom å leggje helseveka med det tradisjonelle foreldremøtet til opningsveka. Samla sett skal dei planlagde arrangementa demonstrere potensialet til den nye storstova på ein inkluderande måte.

Øygarden kommune håpar at opningskonserten skal gje ei sterk oppleving av den nye storstua  Hjeltefjorden Arena for både innbyggjarar og besøkande.

Ingen andre kan kombinere musikk og komikk på ei slik måte som YLVIS, sceneshow, musikk og underhaldning av brødreparret blir ei flott ramme på opninga.


Program for opningsveka (PDF, 2 MB):

program hjeltefjorden.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 08.06.2018
Fann du det du leita etter?