Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Stengjer leikeplassar og uteområde ved idrettsanlegg

Leiinga i Øygarden kommune har avgjort at det ikkje lenger vert høve til å nytta uteområda/leikeområda ved barnehagane og skulane. Det same gjeld uteområda ved idrettsanlegga.

Klikk for stort bileteLeikeplass på Landro skule Jøran Ingvaldsen  

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, seier at den vanskelege situasjonen tvingar kommuneleiinga til å ta grep som kan oppfattast som strenge. Uteområda ved skular, barnehagar og idrettsanlegg vert no stengde for all bruk.

- Vi ser at mange er flinke og passar godt på barna sine ved at til dømes berre søsken får gå ut til anlegga. Likevel er det slik at der treffer dei mange andre i same situasjon. Det er vanskeleg for ungane å løysa ein slik situasjon, seier Vabø Haugane.

I tillegg kan opne uteområde føra til at ein del ungdomar samlar seg i grupper på ein måte som ikkje er i samsvar med dei nasjonale retningslinjene. Kommunalsjefen seier at kommuneleiinga, barna og dei unge sjølv, føresette og lokalmiljø, må saman og på alle måtar no vera med og sikra at også alle innbyggjarar held seg til dei nasjonale retningslinjene.

- Dette vert gjort som eit tiltak for å redusera faren for smittespreiing. Det er ein risiko for smittespreiing ved felles bruk av leikeapparat, ved tett leik og samtalar og liknande. Vi må gjerne ferdast ute og halda oss i aktivitet, men det kan gjerne gjerast ved å gå på tur aleine eller få personar saman, og som alltid halda god avstand til kvarandre, seier Vabø Haugane.


Tekst: Vigleik Brekke

Kontakt oss om koronaviruset


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Servicetelefon
Telefon 56 16 00 10
måndag-fredag kl 08.00-20.00
laurdag og sundag kl 10.00-16.00
For praktiske spørsmål som
ikkje handlar om helse


Legevakt
Telefon 116 117


Heimetenesta
Sone nord: 56 16 16 63
Sone Straume: 55 09 71 90
Sone sør: 56 33 97 45


Helsestasjon og skulehelsetenesta
Telefon 56 12 20 30
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Jordmor
Telefon 56 12 20 20
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49 | SMS 959 99 399


Helsestasjon for ungdom
SMS "treng time" for konsultasjon
905 81 273 vi ringjer deg opp igjen


NAV
Telefon 55 55 33 33
For arbeidsgjevarar 55 55 33 36


Barnevernet
Telefon 55 09 71 40
måndag-fredag kl 08.00-15.30
og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg


Konsultasjonsteamet
for vald og overgrepssaker

Telefon 915 68 382 (barn og unge)
og 911 37 726 (vaksne)


Frivillig/hjelp?
Meld deg som frivillig | Treng du hjelp?