Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Stengjer alle skulane

Kommuneleiinga i Øygarden har i dag avgjort at alle skular og barnehagar i kommunen vert stengde for undervisning. Tidlegare i dag melde vi at barneskular og barnehagar skulle stengjast frå måndag av. På grunn av nasjonale pålegg, vert dette endra til å gjelda frå torsdag 12. mars kl. 18.00.

Klikk for stort bileteIll.foto 

Danielsen skule har heller ikkje undervisning på fredag.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det er nødvendig å gjennomføra dette tiltaket.

- Dette er drastiske tiltak, men dette må gjennomførast for i størst mogleg grad å redusera smittespreiinga. Eg oppmodar folk om å nøye vurdera kven i familien som skal prioritera å vera heime.

Inntil vidare vil barneskulane og barnehagane vera opne for barn for å sikra eit tilbod til barn av personell i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

Kommunen understrekar at ein må unngå at barn og unge samlar seg i større grupper på idrettsområde og andre møteplassar. Kommunen vil frå og med torsdag kveld stengja alle kommunale idrettsanlegg, gymnastikksalar og symjebasseng.

Servicetelefon

Øygarden kommune har oppretta ein servicetelefon knytt til praktiske spørsmål om koronavirus som ikkje handlar om helse. Ring 56 16 00 10 måndag til fredag kl 08.00-20.00.

Vi kjem tilbake til meir informasjon om fleire tiltak.

Tekst.`: Vigleik Brekke

Kontakt oss om koronaviruset


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Servicetelefon
Telefon 56 16 00 10
måndag-fredag kl 08.00-20.00
laurdag og sundag kl 10.00-16.00
For praktiske spørsmål som
ikkje handlar om helse


Legevakt
Telefon 116 117


Heimetenesta
Sone nord: 56 16 16 63
Sone Straume: 55 09 71 90
Sone sør: 56 33 97 45


Helsestasjon og skulehelsetenesta
Telefon 56 12 20 30
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Jordmor
Telefon 56 12 20 20
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49 | SMS 959 99 399


Helsestasjon for ungdom
SMS "treng time" for konsultasjon
905 81 273 vi ringjer deg opp igjen


NAV
Telefon 55 55 33 33
For arbeidsgjevarar 55 55 33 36


Barnevernet
Telefon 55 09 71 40
måndag-fredag kl 08.00-15.30
og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg


Konsultasjonsteamet
for vald og overgrepssaker

Telefon 915 68 382 (barn og unge)
og 911 37 726 (vaksne)


Frivillig/hjelp?
Meld deg som frivillig | Treng du hjelp?