Startlån frå Øygarden kommune og Husbanken

Har du varige vanskar med å kjøpe eigen bustad, men har økonomisk evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån? Kanskje Øygarden og Husbanken sitt startlån er noko for deg? 

Pengar til Startlån og logoene til Øygarden kommune og Husbanken - Klikk for stort bileteIll.

Kommunen og Husbanken ønskjer å informere om startlånsordninga. Det er i dag lånt ut cirka 600 MNOK til husstandar i Øygarden gjennom ordninga. Kommunen ber aktuelle i målgruppene orientere seg om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir. 

Prioriterte grupper for startlånsordninga 

  • Barnefamiliar
  • Unge uføre
  • Eldre som bur i ueigna bustad
  • Dei som bur i kommunal bustad

Beteningsevne for lån

Startlånsordninga er laga for å hjelpe dei prioriterte gruppene, samstundes skal den ikkje konkurrere med ordinære bankar. Får du lån i vanleg bank, eller innan nokon år vil vere i posisjon til å få det, fyller du ikkje vilkåra for Startlån. 

Kommunen har høve til å  ta større risiko enn ein vanleg bank ved utlån av startlån. Det er likevel eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne. Dersom du har høge månadlege utgifter til å betene forbrukslån eller andre dyre smålån reduserast di evne til å betjene renter og avdrag på eit bustadlån. 

Vil du vite meir om startlån? 

Les meir om ordninga, og ta gjerne kontakt med oss som arbeider med startlån