Startar Ni til ti-timen i oktober

Frå første veka i oktober skal tre av kommunalsjefane i Nye Øygarden kommune vera på plass til faste tider på rådhusa i dei tre kommunane for å koma i tett og god dialog med leiarar og andre tilsette i Sund, Fjell og Øygarden. Tilsette i dei tre kommunane vert dermed oppmoda om å ta kontakt med leiinga i den nye kommunen.

Anne_Merete_Vabø_Haugane.jpg - Klikk for stort bilete  

Leiarteamet inviterer seg også til å gje informasjon på leiarsamlingane i kommunane. Bakgrunnen for desse tiltaka er ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som viser at det er behov for meir og tettare kontakt mellom leiinga i Nye Øygarden kommune og leiarar og andre tilsette i Sund, Fjell og Øygarden.

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, trur det er mange tilsette som ønskjer meir informasjon og tett dialog mellom dei tilsette og leiinga i Nye Øygarden kommune.

– Vi håpar at desse tiltaka kan sikra meir kontakt og lettare og tettare informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen. På faste tidspunkt vil du lett finna oss i servicetorga på rådhusa. Det er ikkje sikkert vi kan svara på alle spørsmål på sparket, men vi skal uansett koma tilbake med informasjon, seier Vabø Haugane som håpar at dei tilsette tek kontakt anten uansett kva dei har på hjartet.

Møtepunkt kvar veke

På Ni til ti-timen på rådhusa kvar veke frå første veka i oktober, er det mogleg for tilsette å møta ein av kommunalsjefane. Planen for Ni til ti-timen er slik:

  • Fjell rådhus: Onsdagar kl. 09.00-10.00 (første gong 2. oktober)
  • Sund kommunehus: Torsdagar kl. 09.00-10.00 (første gong 3. oktober)
  • Øygarden rådhus: Fredagar kl. 09.00-10.00 (første gong 4. oktober)

Også einingsleiarar som ikkje har kontorplass på rådhusa kan møta kommunalsjefane i Ni til ti-timen. Dersom det viser seg at det ikkje er behov for denne forma for møtepunkt, vil leiinga i Nye Øygarden kommune vurdera andre møtearenaer.

Anne-Merete Vabø Haugane seier at leiinga i den nye kommunen gjerne kjem på besøk i kommunane.

– I tillegg til å delta på leiarsamlingane, kjem vi gjerne på stabssamlingane til einingsleiarane, seier kommunalsjefen.

Dei kommunalsjefane som stiller på Ni til ti-timen er Anne Erdal (Økonomi), Sissel Iren Nesse (Organisasjon og digitalisering) og Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst).

Tekst: Vigleik Brekke | Foto: Jøran Ingvaldsen

 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 30.09.2019
Fann du det du leita etter?