Startar arbeidet med den nye Kolltveittunnelen

Om to veker startar arbeidet med tunneldriving på den nye Kolltveittunnelen. Tysdag ettermiddag inviterte Statens vegvesen og Sotra Link til informasjonsmøte. Det handla mellom anna om kva konsekvensar sprengingsarbeidet vil få med tanke på støy og vibrasjonar.

Frå informasjonsmøtet tysdag. Til venstre framme; Oskar Leirgulen (Sotra Link) og til høgre; Kim Runar Haugsbø (Statens vegvesen). - Klikk for stort bileteFrå informasjonsmøtet tysdag. Til venstre framme; Oskar Leirgulen (Sotra Link) og til høgre; Kim Runar Haugsbø (Statens vegvesen).

Oppdragsansvarleg i Statens vegvesen, Kim Runar Haugsbø, og assisterande prosjektleiar Oskar Leirgulen orienterte om status for Sotrasambandet. Når det gjeld den nye Kolltveittunnelen vert det sprengt to løp på om lag 950 meter. Oppstarten skjer om eit par veker. Det vil ta om lag åtte månader å sprengja seg gjennom dei to tunnelløpa. Det vil venteleg gå to – tre salver pr. døger.

Det skal byggjast ei mellombels stor rundkøyring på vestsida av vegen. Denne rundkøyringa vert nytta fram til ein planlagt ny veg vert bygd mot Ågotnes.

Det vart halde to møte på kvar ein time i lokala til Sotra Golfklubb tysdag. Det vart mellom anna stilt spørsmål om tilgang til friluftsområda i området. Det vart opplyst at undergangar sikra tilgang til friluftsområda både på vestsida og austsida av vegen. Andre spørsmål var knytt til kor mykje vatnet skulle fyllast opp, kulturminne og vatn og avlaup.

Støy og vibrasjon

Støy skal handterast i samsvar med retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging, og anleggsarbeidet skal organiserast slik at det avgrensar støyproblem for tredjepartar så langt det er mogleg. Vibrasjonar skal handterast i samsvar med Norsk standard.

Inge Haustvedt orienterte om spreningsarbeidet. - Klikk for stort bileteInge Haustvedt orienterte om sprengingsarbeidet.

Sprengingsansvarleg Inge Haustveit informerte om tunnelarbeid og sprenging. For å redusera ristingane, vert kvar salve delt opp i seriar som vert fyrt av i rask rekkjefølgje. Det er krav til målingar og kontrolltiltak når det gjeld støy og vibrasjonshandtering for byggjefasen.

- Ei salve tek om lag seks sekund . Vi skal følgja retningslinjene og ikkje sprengja etter klokka 23, sa Haustveit.

Spørsmål og kommentarar knytt til støy og vibrasjon gjaldt mellom anna uro for dei firbeinte, vibrasjonsmålarar, sprenging om natta og kvar grensa er for å ta kontakt med Sotra Link ved støyplager.

Informasjon

På www.sotralink.no er det oppdatert informasjon om prosjektet og skjema for innsendingar av merknad og klage. Det er mogleg å abonnera på nyheitsbrev og SMS-varsling om sprenging.

Kommunikasjonsansvarleg Gunn Eklund Breisnes opplyste at det skal etablerast eit informasjonssenter på innbyggartorget og biblioteket på Straume.

Her er presentasjonen frå møtet (PDF) (PDF, 3 MB)​​​​​​​.


Tekst og foto: Vigleik Brekke