Start på båtruta mellom Hellesøy og Fedje

I perioden frå 16. juni til og med 25. august vil båtruta mellom Hellesøy og Fedje gå kvar tysdag, onsdag og laurdag.


Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Øygarden, Fedje og Austrheim som saman med Hordaland fylkeskommune finansierer drift av ruta.

Båtrute Hellesøy Fedje - Klikk for stort bilete

 

GulenSkyss AS gjennomfører båtruta med båten "MS Øyrosa" som har plass til 47 passasjerer og god uteplass til dei reisande. Dersom ein tek rundturen på sykkel kan ein også ta denne med på båten.

Bestill billett

Her kan du bestilla billettar: http://gulenskyss.no/reservering-av-billettar-hellesoy-fedje/

Meir informasjon om turen, prisar og rutetider

Brosjyre - Meir informasjon, prisar og rutetider

 

Opplev Øyriket i vest!

 

Dagstur til Fedje fra Hellesøy

Bergenskysten med Sotra, Fjell, Øygarden og Fedje er staden for ein aktiv, frisk og spanande opplevingsreise. Ta buss, bil eller sykkel ut i havørna sitt rike, over dei mange bruene og øyene i Øygarden. Her kor fjorden møter havet vil du sjå bølgjer som bryt mot land og skaper eit fantastisk skue. Frå Hellesøy går det hurtigbåt med GulenSkyss til Fedje. Båtturen tar ca. 40 min. Turen går kvar tysdag, onsdag og laurdag i perioden 16. juni til 25. august.

Hugs å stoppe innom den lokale butikken på Hellesøy. Hellesøy Landhandel held ope frå kl. 10-18 i vekedagane og 10-16 på laurdagar. Butikken byr på ymse lokale produkt frå Øygarden, sommarens nyheit med one-shot is og pop-up aktivitetar utover sommaren, avhengig av veret. Velkommen til hyggelege opplevingar i øyriket!

Fedje – Landsbyen i havet

På Fedje, landsbyen i havet, kan du anten gå eller leige sykkel for å kome deg rundt på øya. Det er korte avstander her. Du kan ta ein tur innom den lokale landhandlaren eller nyte ein god lunsj på ein av dei 3 lokale restaurantane. Kafé Losen og Pernillekafeen ligg like ved kaien. Ta den lille kabelferga over vågen og besøk den nedlagte Fab. nr. 8, sardinfabrikken som no er eit koseleg serverings- og overnattingsstad. Ta turen langs Nordsjøløypa eller til utsiktpunktet på Fedje Trafikksentral. Her frå har du panoramautsikt i alle retningar.

Øyhopping med sykkel ytterst i havet!

Båtruta mellom Hellesøy og Fedje opner opp Bergensregionen på ein heilt ny måte. Kva med å ta ein sykkeltur ut i øyriket i vest, overnatt i rorbu, besøk Kystmuseet i Øygarden, og bli bedre kjent med Vestlandets kysthistorie og kystkultur. Sykkelen kan du leie på Bergen Bike Rent, og du kan ta den med på båten fra Hellesøy til Fedje (eller motsatt). Overnatt på Hellisøy fyr eller ett av de andre overnattingsstedene på Fedje, og reis videre med fergen til Nordhordland. Der kan du ta et stopp på Kilstraumen Brygge for overnatting og servering, her kan du også låne kajakk.

Båtruta  Bergen - Fedje - Bergen

Ruteperiode 2. juni – 1. september 2018
Les meir om ruta på Gulen skyss

 

Vi går iland på Fedje.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.06.2018
Fann du det du leita etter?