Bergljot Karen Holmgren bur på Fjell gard, men har hatt ei lang reise frå oppveksten i Fana, via Oslo og Hammerfest før ho og mannen Karl slo seg ned i gamle Fjell kommune der han var lensmann, medan ho arbeidde i Televerket. Dei fleste åra arbeidde ho som sekretær for distriktssjefen i Televerket.
Ordføraren ville gjerne vita kva som skal til for å nå ein så høg alder og få ei så god helse som ho har.
- Ja, eg har vore heldig og hatt ei god helse. Humør er noko av det viktigaste for meg. Det har også vore viktig for meg å engasjera meg i frivillig arbeid som Røde Kors og i partiarbeidet i Høgre. Eg har vore aktiv i besøkstenesta til Røde Kors i 30 år. Eg er glad for at eg framleis kan bu heime. Heimetenesta kjem til meg eit par gonger om dagen, seier Bergljot.
Nokre av slektningane, som også var med under ordførarbesøket, understrekar at Bergljot er ei humørfullt, men også ei bestemt dame.
Bergljot vaks opp i Fana saman med fire søsken. Etter telegrafkurs i Oslo, reiste ho til Hammerfest der ho trefte Karl. Men den største delen av livet var dei altså busette i gamle Fjell kommune. Etter at mannen døde, har ho dei 16 siste åra budd heime i eit godt tilrettelagt husvære sentralt på Fjell gard.
Tekst og bilete: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: