Begge arkitektaktørane har gjennomført analysar og kartleggingar. På grunnlag av dette har dei utarbeidd førebelse strategiske idear og tankar om bruken av det aktuelle området. Den 8. mars skal dei to aktørane presentera dei endelege ideane for framtidig bruk av området mellom rådhuset og Sartor Storsenter.
Det som er sikkert, er at det skal byggjast vidaregåande skule og ny kollektivterminal. Men det er plass til mykje meir i dette området, og det er dette som no både fagfolka og oss andre vert utfordra til å ha tankar om.
Gjenbruk av materiale
Vill Arkitektur peika på at store utsleppsfaktorar er transport i drift og materiale. Arkitektfirmaet presenterte to strategiar; mobilitetsstrategi og materialstrategi.
- Når det gjeld materialstrategi har vi kartlagt kva kommunale objekt som kan reivast og korleis materiale frå desse kan brukast som gjenbruksmateriale. Vi ser for oss at 50 prosent av materialet kan gjenbrukast eller resirkulerast, sa Fredrik Barth på seminaret tidlegare på dagen.
Vill Arkitektur viste til at dette vil redusera klimautsleppet kraftig. Det er føreslått å etablera eit gjenbrukshus på Skjenet som kan omskapa materiale frå gamle bygg som nytt byggmateriale.
Frå samlinga i kultursalen der Fredrik Barth frå Vill Arkitektur presenterte deira tankar om bruken av området i og ved Stovevatnet.
Aktuelle riveobjekt er gamle Glesnes skule, Glesnes barnehage, Telavåg barnehage, demningen ved Storavatnet (Knarrvika), parkeringsdelen på Sartor Storsenter og rådhuset. Vill føreslår ein gjenbruksstrategi og dermed å behalda mest mogleg av materiala med sikte på ny bruk. Ein gjennomgang av fire av rivingsobjekta kan bidra til ein reduksjon på 5 700 tonn CO2e.
- Materiale og strategiar for resirkulering må bli norma og ikkje unnataket, og dette er spesielt viktig når det gjeld dei nye lågutsleppsteknologiane i det grøne skiftet, meiner Vill.
Tre scenario
Den andre arkitektaktøren, Nord Architecture AS, presenterte også sine tankar om framtida for dette attraktive området. Sverre Pedersen minna om at vi andre får sjå inn i arbeidsrommet deira midtvegs i arbeidet.
- Vi har bruk for innspel. Arbeidet er ikkje ferdig, minna han om.
NORD presenterte ein strategi/prinsipp der vi skal læra av landskapet, styrkja Straume sentrum, spesialisera funksjonsklynger, introdusera blå/grøne samband, styrkja mobiliteten og utvikla eit fyrtårnprosjekt.
Dei endar opp med tre ulike scenario; «Sentral park», «Tre møteplassar» og «Dalen».
Medarbeidarar frå NORD; Ragnhild Pedersen Foss, Johannes Pedersen og Mari Proll Lien
Det var stort engasjement på samlinga i innbyggartoget og biblioteket. Arild Bøthun hadde sans for tanken om «Sentral park». Han var elles oppteken av at det vert sett av tilstrekkeleg areal til utdanning. Sverre Bungum stilte spørsmål om det er gjort formelle vedtak om riving av gamle skule- og barnehagebygg i Telavåg og Glesnes. Det vart svart i møtet i går at dette ikkje er avklart.
Deltakarane på møtet fekk høve til å drøfta i grupper dei førebels skissene/tankane om framtidig bruk av området i og ved Stovevatnet. I gjennomgangen i plenum etter gruppearbeidet, gav fleire uttrykk for skepsis til forslaget om å plassera gjenbrukshuset på Skjenet.
Andre tema som kom fram i plenum etter gruppesamtalen var mellom anna:
- Tilgang til parkeringsplassar
- Rimelege bustader/husvære for ungdom og dei som treng tilrettelagde bustader
- Tilrettelegging for uteliv og store konsertar
- Lett tilgang mellom Kystbygarasjen og kollektivterminalen
- Tilrettelegging for tilstrekkeleg grøntareal/økosystem, badeanlegg og møteplassar
- Tilstrekkeleg plass til utdanning
- Kollektivterminalen som det nye origo
- Universell utforming
- God trafikkavvikling
Norske arkitekters landsforbund (NAL) har ei koordinerande rolle i arbeidet med Parallelloppdrag Straume. Møtet onsdag kveld var leia av Bård Sødal Grasbekk (NAL).
Presentasjon frå Vill Arkitektur. (PDF, 13 MB)
Presentasjon frå NORD Nord Architecture AS. (PDF, 33 MB)
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: