Aktuell informasjon

Solsio viste seg frå si beste side

I strålande solskinn kunne Grønaplassen på Straume offisielt opnast torsdag kveld. Denne kvelden fekk vi verkeleg oppleva at her er det godt og lunt i sola.

Mange møtte fram for å vera med på opninga av Grønaplassen. - Klikk for stort bileteMange møtte fram for å vera med på opninga av Grønaplassen. 

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk gleda av å offisielt opna Grønaplassen. Kåre Bjorøy i Sartor Drange og nestleiar i ungdommens kommunestyre, Ingrid Skjold, heldt godt i snora.

Og det var neppe utan grunn at desse to gjorde dette. Ungdomane har etterlyst rullebane og ifølgje prosjektleiar for bustader og næring i Solsio Utvikling, May Britt Hevrøy, var Kåre Bjorøy meir enn tydeleg på at her måtte det koma ein rullepark. Og slik vart det.

I talen viste ordførar Tom Georg Indrevik til at her får ein til noko saman og at Kåre Bjorøy (Sartor Drange) og Liegruppen i fellesskap har realisert prosjektet.

- Dette vert realisert ved sterke lokale krefter som ønskjer å setja spor etter seg. Dette er å skapa eit byrom. Med dette bind vi Straumsfjellet saman med sentrum. Eg håpar vi vil ta godt vare på dette og at vi nyttar dei lokale butikkane som er her. Det einaste eg saknar er førstehjelpsutstyr. Det kan nok bli behov for støttebind, sa ordføraren og tenkte på at det venteleg ville verta litt knall og fall i rulleparken.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik klipte snora.  

Samarbeid med kommunen

May Britt Hevrøy leia opningsarrangementet med stø hand. Ho roste samarbeidet med Øygarden kommune og spesielt Lars Fjørtoft i grøntavdelinga. Kommunen skal etter kvart overta drifta av Grønaplassen.

- Grønaplassen er ein del av Straumsalmenningen, ein almenning som skal knyta saman Straumssundet med senteromrpådet. Dette skulle verta ein offentleg plass, universelt utforma med gode kvalitetar som granitt og fin belysning. Vi følgjer opp planen med å planta brake, grastuste, lyng, blåbær og stadlege artar, som det så fint heiter, sa Hevrøy.

På opningsfesten var det innslag ved Øygarden kulturskule, oppvisning av rullebrettkøyrarar, servering av bollar, saft,  kaffi og is. Mange møtte opp for å vera med på opningsfesten. I tillegg til å testa rullebanen, kunne store og små prøva seg i klatreveggen.

Solsio Utvikling som utviklar og driftar området langs Grønamyrvegen. Det skal byggjast ein heilt ny bydel med bustader, park og næringsbygg, der ein kan bu, arbeida og leva i eit nabolag ved foten av Straumsfjellet, midt i hjarta av Straume.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke

Her er fleire foto:

Sentrale aktørar i Solsio. Frå venstre; Bjarne Haldorsen (adm. dir. Liegruppen), Roy Eddy Lie (eigedomssjef Liegruppen), May Britt Hevrøy (prosjektleiar Solsio Utvikling), Gerd O. Lie (eigar), Eva Bjorøy (Sartor Drange), Gunhild Lie Skålevik (eigar), Arild Bøthun (Sartor Drange og Lene Haug (Liegruppen). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete