Søknad om løyve for oppdrett av matfisk av laks og aure

Salmo Terra AS, org.nr. 919 073 373, har søkt om å få etablera eit nytt landbasert anlegg for
oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Eikeilen i Øygarden kommune.
 

Anlegget vil ved full utbygging ha ein årleg produksjonskapasitet på ca. 8000 tonn matfisk,
og hausting jamt over heile året. Fase 1 av anlegget vil ha ein avgrensa utstrekning på ca.
10.000m², årleg produksjonskapasitet på ca. 2600 tonn matfisk og baserar seg på innsett av ca.
100.000 smolt annakvar månad. Ein vil då hauste matfisk på ca. 4,5 kg.
Det disponible arealet er satt av til næringsverksemd i Øygarden kommune sin kommuneplan
2014-2022. Miljøundersøkingar gjennomført i sjø og på land viser at området eigner seg for
akvakultur.

Vedlagte dokumenter:

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar Inger-Lise O.H. Sæle på telefon 56 38 53 49.

Eventuelle merknader kan sendast elektronisk på skjema «høyringsfråsegn»  eller på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no og merkast med saksnummer 16/2777.

 

Merknadsfrist er satt til 8.februar 2018.

 

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 11.01.2018
Fann du det du leita etter?