Søknad om barnehageplass - samordna opptak

Frå Tjeldstø barnehage - Klikk for stort bileteFrå Tjeldstø barnehage

Barnehagane i Øygarden vil i løpet av mars/april foreta opptak av barn for barnehageåret 2018/2019. Opptaket gjeld private barnehagar, familiebarnehagar og kommunale barnehagar.
 

Barn som har barnehageplass treng ikkje søkja på nytt med mindre dei ønskjer endra
opphaldstid eller opphaldsstad. Dette gjeld og dei som har søkt tidlegare og allereie står på venteliste.


Ein ber om at de nyttar digitalt skjema for søknad: 

Barnehage - Søknad om ny barnehageplass
Barnehage - Søknad om overflytting og endring av plass

 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr. post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong, innan søknadsfristen 1. mars. Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

Redusert foreldrebetaling

Det er innført ulike ordningar som gjev reduksjon i foreldrebetalinga for hushald med låg inntekt. Informasjon om ordningane og søknadskjema finn du ved å trykkja på lenkja under.

Redusert foreldrebetaling - informasjon og søknadskjema

Informasjon


Søknadsfrist 01.03.2018

Spørsmål kan rettast til servicetorget på telefon 56 38 20 00.

Vedtekter for kommunale barnehagar (PDF, 66 kB)
Skulerute/barnehagerute 2018/2019 (PDF, 52 kB)

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 31.01.2018
Fann du det du leita etter?