Menn i helse Vestland i samarbeid med Øygarden kommune søkjer no etter arbeidssøkande menn som vil få tilbod om ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse. Utdanninga er komprimert og tilrettelagt for arbeidssøkande menn, og deltakarane får tittelen helserekrutt.
Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og løn frå kommunen.
Bli med på infomøte
Ta sjansen og bli med på eit uforpliktande infomøte. Påmelding gjerast gjennom dialog med din Nav-rettleiar. På infomøtet blir det gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades. Dei vil dele sine erfaringar og tilrådingar.
Intervju og prøv deg i jobb
Dersom ein etter infomøtet ønskjer å bli med i Menn i helse, blir det invitert til intervju. Etter intervjuet blir eigna og motiverte deltakarar tilbydd moglegheita til å bli helserekruttar og delta i ei 12 vekers utprøvingsperiode.
Sommarjobb og utdanningsløp mot fagbrev
Etter utprøvingsperioden vil det bli tilbydd sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse! Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på telefon 977 48 055 eller e-post Kjetil@mennihelse.no
Sjekk ut nettsida til Menn i helse: www.mennihelse.no Følg vår regionale Facebook-side: Menn i helse Vestland Midt - Facebook
Publisert 03.01.2025 13.20