Søk om støtte til tiltak om å inkludera barn og unge!

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser ut midlar til tiltak for å inkludera barn og unge. For 2020 er fristen 13. desember.

Inkludering_av_barn_og_unge_NØK.jpg - Klikk for stort bilete

 

Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om støtte. Døme på dette er kor, korps, organisasjonar og idrettslag. Med atterhald om endeleg vedtak i Stortinget, skal det fordelast 310 millionar kroner.

Søknadene må sendast via kommunen (dvs. Nye Øygarden kommune) gjennom søknadsportalen til Bufdir. Hugs å bruka organisasjonsnummeret til den nye kommunen: 922530890.

Frå 2020 er tilskotsordninga endra. Nytt namn på ordninga er «Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge» (tidlegare «Nasjonal tilskotsodning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar».

Les meir om tilskotsordninga her

Kontaktperson i Nye Øygarden kommune: anna.nesje.nes@oygarden.kommune.no

 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 28.11.2019
Fann du det du leita etter?