Søk om SMIL-midlar og tilskot til drenering

Gravemaskin som grøftar - Klikk for stort bilete Det er høve til å søkje midlar til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlar) og tilskot til drenering av jordbruksjord for 2018.

Søknadsfristen er 31. mai.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL - midlar)

Kommunen løyver tilskot til spesielle  miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, samt redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg landbruksdrift.  For 2018 har Landbruksdirektoratet gitt Hordaland ei ramme på 5,2 mill. kr  til SMIL. Øygarden kommune har fått tildelt ei ramme på kr. 30 000,-.

Tilskot kan gjevast til føretak som er registrert i einingsregisteret som driv og/ eller eig ein landbrukseigedom, og  som har rett til produksjonstilskot.

Meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine sider

Det må søkast på fastsett søknadsskjema (PDF, 165 kB).

For spørsmål, kontakt sakshandsamar Inger-Lise O.H. Sæle på e-post ingsae@oygarden.kommune.no

Søknadsfrist er satt til 31.mai 2018

 

Tilskot til drenering

Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord – til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 og bli gjeve tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta. For 2018 har Landbruksdirektoratet gjeve Hordaland ei ramme på 3 mill. kr til tilskot til drenering, av desse har Øygarden kommune fått tildelt ei ramme på kr. 20 000,-.

Tilskot kan gjevast til eigar av, eller føretak som leiger, jordbruksareal med behov for ny drenering. Tilskot kan ikkje gjevast der tiltaket fører til
• Monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
• Stor fare for flaum og vassureining
• Fare for skade på automatisk freda kulturminne

Meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine sider

Det må søkast på fastsett søknadsskjema.

For spørsmål, kontakt sakshandsamar Inger-Lise O.H. Sæle på e-post ingsae@oygarden.kommune.no

Søknadsfrist er satt til 31.mai 2018

Landbruk og miljø Her finn du kontaktinformasjon for landbruk og miljø.
Landbruk og miljø
NamnTittelE-postTelefon
Inger-Lise Oen Hellesund SæleSakshandsamarE-post56 38 53 49

 

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 12.04.2018
Fann du det du leita etter?