Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

- Smittevernreglar gjer det tryggare å gå på julebord

På fredag innførte Øygarden kommune og ei rekkje andre kommunar i bergensområdet ei forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstader.
- Dette er eit viktig bidrag til å gjera juleborda endå tryggare, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Anders Ekanger i Vest Næringsråd gjer opptak av video med ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Spisekroken, Ingvild Skorpen Bøge. - Klikk for stort bileteAnders Ekanger i Vest Næringsråd gjer opptak av video med ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar i Spisekroken, Ingvild Skorpen Bøge. 

Sundag kveld inviterte Vest Næringsråd og kommunen til videomøte for å koma i dialog med serveringsbransjen etter at det vart vedteke forskrift med smitteverntiltak på fredag. Eitt av smitteverntiltaka pålegg skjenkestader, restaurantar, kantiner og andre serveringsstader å føra oversikt over gjester.

Tom Georg Indrevik seier at dette tiltaket bidreg til at det vert endå tryggare å gjennomføra julebord og andre arrangement på serveringsstadene. Ifølgje ordføraren har det vore påvist lite koronasmitte som kal sporast tilbake til serveringsstader.

- Dersom det likevel skulle oppstå smitte knytt til ein serveringsstad, er det mogleg å gje raskt melding til dei som var til stades. Tilbakemeldingane frå bransjen er at dei helsar smitteverntiltaket velkomen og at dei gjer alt dei kan for at gjestene skal vera trygge, seier ordføraren.

Øygarden kommune har over lengre tid gjennomført kampanjar der det vert oppmoda om å nytta lokalt næringsliv. Serveringsbransjen er spent på korleis auka smitte vil slå ut for julebordsesongen.

- Dersom ei verksemd vurderer å avbestilla julebordet, kan utsetjing til over nyttår vera eit godt alternativ, seier ordføraren.

Her kan lesa meir og sjå video produsert av Vest Næringsråd.

Tekst og foto: Vigleik Brekke