Det er særleg den framtidige bruken av arealet mellom rådhuset og Sartor Storsenter som parallelloppdraget handlar om.
På samlinga i Odeon Kino Sotra presenterte også prosjektleiar og arkitekt Fredrik Barth frå Vill Arkitektur visjonar for området. Arkitektfirmaet samarbeider med Spacescape.
Dette arkitektteamet legg stor vekt på å gjenbruka materiale til nybygg og dermed redusera klimaavtrykket og CO2-utslepp. Målet er vidare å oppfylla nullvekstmålet for bilbruk og skapa meir grønt enn vi tek; «Natur før byliv, byliv før byrom, byrom før bygg, og aller sist bygg».
- Målet er å finna modellar der vi endrar åtferd. Vi skal testa og evaluera og få fram dei resultata vi vil ha, sa Fredrik Barth.
Fredrik Barth og Anders Eide i Vill Arkitektur
Campuspark
Johannes Pedersen i Nord Architecture seier at rådhus, vidaregåande skule, mobilitetshub, kulturhus, bibliotek, «vitennæring» og bustader kan inngå i Straume campus
- Campusparken handlar om rekreasjon, bynatur og sunnheit og bind "vitennæring" med vidaregåande skule og ungdoms- og studiebustader, kulturhus og bibliotek og symjehall, heiter det i sluttskissa frå arkitektteamet.
Assisterande kommunalsjef for Kultur og samfunn, Rune Landro, er prosjektleiar for parallelloppdraget. Han seier at ein vurderingskomité skal danna seg eit bilete og henta ut det beste frå dei to arkitektaktørane.
- Komitéen skal koma med ti konkrete tilrådingar frå det arkitektaktørane har utarbeidd og presentera ein sluttrapport, seier Landro.
Kommunedirektøren skal fremja sak for utval for samfunnsutvikling den 6. juni før saka vert sluttbehandla i kommunestyret den 22. juni. Dei 10 utvalde punkta frå vurderingskomitéen inngår i saka og vert førande for det vidare planarbeidet for området.
På innbyggartorget og biblioteket er dei skissene frå dei to arkitektaktørane stilte ut.
Her kan du lesa meir om parallelloppdraget for Stovevatnet – regionsenteret Straume.
Tekst og foto: VIgleik Brekke
Her er fleire foto: