Skulane opnar for alle elevane frå 11. mai

Regjeringa har i kveld (7. mai) avgjort at så langt det let seg gjera, skal elevane få ein mest mogleg normal skuledag i neste veke. Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane seier at skulane i Øygarden opnar etter kvart i løpet av neste veke.

Stranda skule - Klikk for stort bileteStranda skule  

Kommunalsjefen understrekar at det vert ulike løysingar frå skule til skule og at den enkelte skule vil gje informasjon til dei føresette om kva tid og korleis det skal gjevast undervisning for alle grunnskuleelevane.

- Vi vil gje tilbod i samsvar med retningslinjene, seier Vabø Haugane.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby sa på pressekonferansen at smittevernreglane må følgjast og at dette kan bety at ikkje alle elevane kan vera på skulen. Det vert difor opp til kommunane og skulene å finna ut kva tid i neste veke dei kan opna.
Les meir her.

Dei viktigaste råda er framleis at sjuke elevar held seg heime, at krava til reinhald og hygiene vert haldne og at elevene så langt det er mogleg er i faste grupper (kohortar). Tilpassingane skal ikkje gå utover heiltidstilbodet som allereie vert gjeve til elevene på 1.-4. trinn.

Opnar vaksenopplæringa

Også vaksenopplæringa og opplæring for deltakarar i ordningane etter introduksjonslova kan opna i veke 20.

Opnar idrettshallane

Kulturminister Abid Raja sa at idrettshallane kan opnast, men at det er forbod mot  bruk av garderobar.

Kommunalsjef for kultur og samfunn, Råmund Skjold, seier at Øygarden kommune vil følgja opp dette og koma tilbake med konkret informasjon om korleis gjenopninga av hallane skal gjennomførast.

Når det gjeld idrett, går det fram av sentrale retnlingslinjer at aktivitet kan gjennomførast i grupper på 20 personar, innanfor smittevernområda som ligg føre. Treningar og annan organisert idrettsaktivitet kan no gjennomførast for inntil 20 personer som held avstand på minst eín meter. Tilrådingane frå  Helsedirektoratet og retningslinjene til idretten skal følgjast.

Ordføraren gler seg, men minner om å følgja råda

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det er positivt at vi no kan opna opp ytterlegare delar av samfunnet.

- Det viser at vi saman har klart å forhindra auka smittespreiing. Det er viktig at vi held fram med å følgja råda frå nasjonale styresmakter slik at vi ikkje får ei forverring av situasjonen. Eg har stor tillit til alle tilsette vil gjera det dei kan for å leggja til rette for at skulane kan opnast på ein god måte. Når vi no opnar fleire og fleire tenester, vert det stilt store krav til innbyggjarar og tilsette, men saman skal vi klara dette, seier Indrevik.

17. mai

Kulturminister Abid Raja sa på pressekonferansen at, barnetoga slik vi kjenner dei på 17. mai, ikkje kan gjennomførast. Korps og kor kan nyttast om dei held nødvendig avstand. Flaggheising og kransenedleggingar kan gjennomførast med eit mindre tal tilskodarar, inntil 50 deltakarar med ansvarleg arrangør. Det vert rådd til å ha utandørs arrangement.
Her kan du lesa om planane for 17. mai i Øygarden.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen