Skifte av pensjonsselskap gav betre oppgjer enn forventa
Det førebelse økonomiske oppgjeret etter skifte av pensjonsselskap frå KLP til Storebrand Livsforsikring viser at kommunen får frigjort eit bufferfond på 203 millionar kroner til premiefondet til Øygarden kommune. Kommunen får også frigjort 70 millionar kroner i eigenkapital. Saka vert behandla i formannskapet 27. september.
Kommunedirektør Johnny Breivik
I samband med skifte av pensjonsselskap la ein til grunn at frigjering frå bufferfondet til premiefondet ville verta om lag 118 millionar kroner. Resultatet vart vesentleg høgare, totalt 203 millionar kroner. Dermed vil kommunen få eit totalt premiefond på 444 millionar kroner.
Det var kalkulert med 62 millionar kroner i tilbakebetalt eigenkapital frå KLP, medan resultatet vart 70 millionar kroner. Oppgjeret etter skifte av pensjonsselskap gjev også spart arbeidsgjevaravgift og spart årleg innbetaling av eigenkapitalinnskot.
Kommunedirektøren er særs godt nøgd med at kommunen kjem betre ut enn tidlegare forventa.
- Tilbakebetaling av eigenkapital styrkjer investeringsevna til kommunen, og frigjeringa frå premiefondet gjev kommunen eit større handlingsrom i omstillinga kommuneverksemda er inne i, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Møtet i formannskapet tek til klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 21.09.2022 20.04