Skaparglede og innovasjonskraft på Energimessa

Onsdag vart Energimessa 2023 offisielt opna på Sartor Storsenter. Seks skular har utstilling i dag og torsdag.
- Energimessa er eit viktig samarbeid mellom skulen, næringslivet og kommunen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå Energimessa 2023 - Klikk for stort bileteFrå Energimessa 2023

Ordføraren var imponert over kor mykje folk som møtte opp for å sjå det elevane viste fram.

- Det er fokus på innovasjon og utvikling. Mange av modellane som vart presenterte på messa, kan verta ein realitet ein gong i framtida, seier ordføraren.

Kommunedirektør Johnny Brevik gledde seg også over skapargleda og innovasjonskrafta han registrerte på Energimessa.

- Eg er imponert over skulane våre og korleis dei utviklar kreative og dyktige elevar for framtida. Elevane tenkjer berekraft og gjenbruk og viser respekt for miljøet. Bamsar av gamle klede og stoff og nye moderne bosspann er eksempel på dette, sa kommunedirektøren.

På torsdag skal det delast ut prisar til elevane. Kommunedirektøren meiner det vert ein vanskeleg jobb og at eigentleg er alle vinnarar.

Her er fleire bilete:

Frå Energimessa - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Farshid Amini