Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Skal vurdera kjøp av meir areal i Skogsskiftet

Utval for samfunnsutvikling vedtok i dag å be om sak til formannskapet i oktober der det vert sett på om det er mogleg å vurdera kjøp av meir tomteareal i området rundt det tekniske bygget i Skogsskiftet.

Frå møtet i dag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i dag. 

Vedtaket vart gjort i samband med saka om bygging av teknisk servicebygg og bussparkering i Skogsskiftet. Utvalet slutta seg elles til innstillinga frå kommunedirektøren om at vidare drift og andre avklaringar i prosjektet vert vurdert i samband med budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2021-2024.

Det er utarbeidd forprosjekt og grunnlag for totalentreprise for teknisk servicebygg i Skogsskiftet. Ny brannstasjon er ein del av prosjektet. Det er sett av30 millionar kroner inklusive meirverdiavgift for å byggja ny brannstasjon og 3,3 millionar kroner inklusive meiravgift å byggja ny turveg rundt Skogsvatnet. Inklusive brannstasjon, areal for driftsavdeling og Sund Eigedomsutvikling og bussparkering, er kostnadsoverslaget 79,7 millionar kroner. Kommunedirektøren skriv i saksutgreiing at det etter hans meining ikkje er mogleg å vedta konkurranseutsetjing av prosjektet no på grunn av at estimerte prosjektkostnader ligg over budsjettet.

No er det altså tilrådd at ein skal vurdera prosjektet i samband med budsjettet for 2021 og vurdera kjøp av meir tomteareal.

Saka vert endeleg vedteken av kommunestyret.

Fordelte 10 millionar kroner i investeringar i IKT

I investeringsbudsjettet er det sett av 16 millionar kroner i IKT-investeringar i 2020. Pr. dato er det brukt 5,7 millionar kroner, og det står att 10,3 millionar kroner til fordeling. Med seks røyster (Ap, Raudt, Sp, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar og Sotralista) vart det vedteke å setja av fem millionar kroner til kommunalsjefområdet Helse og velferd for å installera velferdsteknologi på Fjell sjukeheim og Sundheimen. Det vert sett av tre millionar kroner til å gjera ferdig innkjøp av Chromebook i kommunalsjefområdet Oppvekst og 2,3 millionar kroner til andre nødvendige investeringar innan IKT.

Det vart vidare vedteke å prioritera i åra framover installasjon av velferdsteknologi på alle sjukeheimar i Øygarden kommune og vidareføring av arbeidet med digitalisering av undervisning i grunnskulen. Også løpande investeringar innan IKT og digitalisering skal prioriterast.

Tilrår å byggja ny paviljong på barnehage

Utvalet tilrår overfor kommunestyret at kommunen godkjenner bygging av ny paviljong i Klokkarvik barnehage innanfor ei kostnadsramme på 4,25 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Det er tilrådd at tre millionar kroner vert omdisponert frå prosjektet «rehabilitering av gamle barnehagar» i investeringsbudsjettet» og 1,25 millionar kroner omdisponert frå «inventar og utstyr» i investeringsbudsjettet.

Strategi for digitalisering og økonomirapport.

Utvalet tok sak om strategi for digitalisering til orientering. I saksutgreiinga tilrår kommunedirektøren at utarbeiding av digitaliseringsstrategi for Øygarden kommune vert innlemma i arbeidet med utarbeiding av samfunnsdelen av kommuneplanen. Det går også fram at ein vil prioritera å arbeida med kortsiktige digitale løysingar i arbeidet med kontinuerleg forbetring og meir effektiv bruk av ressursane i organisasjonen.

Utvalet tok også økonomirapport for 2. kvartal 2020 (31.0.7.2020) til orientering.

Orienteringar og drøftingar

I løpet av dagen hadde utvalet orienteringar og drøfting knytt til grøntavdelinga, samfunnsplanen og byvekst/Sotrasambandet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke