Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Skal utgreia felles barnevernsvakt med Askøy

Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes at Øygarden kommune skal inngå eit kommunesamarbeid med Askøy kommune for å utgreia moglegheitene for å opprette ei aktiv barnevernsvakt i 2022.

Frå kommunestyremøtet torsdag. - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet torsdag. 

I vedtaket heiter det at samarbeidet skal vera i samsvar med prosjektplan for å «Utvikla ein berekraftig modell for aktiv barnevakt i Askøy og Øygarden med overføringsverdi til andre kommunar». Sak om oppretting av ei aktiv barnevernsvakt for Øygarden kommune vert fremja i samband med budsjett for 2022.

I utgreiinga går det fram at målet med felles barnevernsvakt er å utvikla og implementera eit barnevernfagleg fyrtårn i regionen innan akuttarbeid gjennom utvikling av ein robust og effektiv modell for barnevernsvakt. Barneverntenesta har fått tildelt totalt 1,9 millionar kroner prosjektet dei to første åra. Det er også mogleg å søkja om midlar til vidare finansiering av pilotprosjektet frå Statsforvaltaren.

Kjøper areal ved teknisk servicebygg i Skogsvåg

Med 25 røyster (Høgre, Frp, Sotralista, KrF, Venstre og eín representant frå Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB)) vedtok kommunestyret å kjøpa meir tomteareal rundt det tekniske servicebygget.

Arbeidarpartiet, Mildøpartiet Dei Grøne (MDG), SV, Raudt, Senterpartiet og tre representantar frå FNB (20 røyster) røysta for framlegget frå kommunedirektøren om ikkje å kjøpa meir tomteareal. Kjøpssum er 6,5 millionar kroner.

Set av midlar til moglegheitsstudie for ny skule

Kommunestyret vedtok samrøystes å setja av 2,5 millionar kroner inklusive meirverdiavgift til ekstern rådgjevarkompetanse og prosjektleiarkostnader i moglegheitsstudie i planleggingsarbeidet med ny skule på vestsida. Midlane skal finansierast ved ubrukte lånemidlar frå 2020. Med 28 røyster (Høgre, Frp, KrF, Sotralista, Venstre, og FNB) vart det vedteke at studien skal sjå på ein ny skule på veststida av Sotra. Skulen skal ha kapasitet til å ta imot elevar frå begge dei to skulekrinsane, Skålevik og Ulveset. 17 representantar (Ap, Sp, SV, MDG og Raudt) støtta eit forslag frå Senterparitet om at moglegheitsstudien skal sjå på ny skule på vestsida av Sotra. I dette framlegget heiter det også at rehabilitering og utviding av Ulveseth Skule skal vere eit av alternativa i moglegheitstudien. Studien skal også sjå på moglegheitene for å ivareta Skålevik som lokasjon for ny skule. Dette forslaget vart altså ikkje vedteke.

Styrkjer bemanninga i byggjesak

Kommunestyret gjev kommunedirektøren mynde til å oppretta eitt nytt årsverk på byggesak og fire nye årsverk på tilsyn. Det vert lagt til grunn at dei nye årsverka vert finansierte gjennom sjølvkost. Kommunedirektøren skal ved revisjon av gebyrregulativet for tekniske tenester til våren leggja fram forslag til korleis gebyr for lovbrotsoppfølging kan takast inn i regulativet. Kommunedirektøren legg til hausten fram forslag til revidert tilsynsstrategi som inneheld mål som inneber at restansane av meldingar om moglege ulovlege byggjetiltak vert reduserte til eit forsvarleg nivå.

Inngår partnarskapsavtale med SINTEF

Kommunestyret vedtok samrøystes at Øygarden kommune skal inngå avtale med SINTEF for å sikra utvikling og innovasjon. I vedtaket heiter det at Øygarden kommunestyre ser behovet for å oppretta formaliserte avtalar for å sikra utvikling og innovasjon, og vedtek på denne bakgrunn å inngå avtale med SINTEF gjeldande frå 1. juli 2021 til 31. desember 2024 til ein årleg kostnad på eín million kroner (500 tusen kroner for 2021). Kommunedirektøren får ansvar for å innarbeida kostnaden i revidert budsjett 2021 og i dei årlege budsjetta for resten av økonomiplanperioden 2021-2024.

Godkjende plan for Blomvåg vest

Kommunestyret vedtok samrøystes å godkjenna områderegulering for Blomvåg vest. Planen legg til rette for etablering av ny grav- og urnelund. Det er også planlagt for samferdsle og infrastrukturanlegg for vegutbetring, parkering og kollektivanlegg. I vedtaket heiter det at dei delane av reguleringsplan for Dale-Blomvåg vegutviding m/ gravplass vedteken i 1995 får verknad for, vert oppheva. To reguleringsplanar vert delvis overstyrte av ny plan områderegulering Blomvåg vest. Det er reguleringsplan for småbåthamn Blomvåg og reguleringsplan for Bårdalslia bustadfelt. Ei mindre endring av føresegn vedteken i november 2019 vert oppheva.

Blomvåg vest, foto: Rambøll - Klikk for stort bileteBlomvåg vest, foto: Rambøll  

 

 

 

 

 

 



Vedtok skisse for arbeid med Leve heile livet

Kommunestyret vedtok skisse for vidare arbeid med reforma Leve heile livet. Dette er ei kvalitetsreform for å sikra at eldre kan meistra livet lengre og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom. Formålet er å betre kvaliteten i helse- og omsorgstenesta til eldre og å skapa eit meir aldersvennleg samfunn. I saka er det lagt til gunn ein arbeidsplan for perioden mars 2021 til november 2021 då det vert politisk vedtak for Leve heile livet. I juni skal kommunestyret i juni 2021 behandla innstillinga frå politisk arbeidsutval om framtid omsorgstilbod.

Lovlegkontrollar

Kommunestyret behandla to lovlegkontrollar fremja av tre representantar i kommunestyret (Nils Bjarte Sæle (Raudt), Eva Aarskog (SV) og Symphorien Pombe (SV)) om Arseta byggetrinn 2 og  infrastruktur Blomvåg vest. Mot tre røyster (MDG og Raudt) vedtok kommunestyret å oppretthalda vedtaka som vart fatta i kommunestyret 18. februar. Saka vert dermed sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Behandling av enkeltsaker i kontrollutvalet

Etter ein lengre debatt vedtok kommunestyret mynde for kontrollutvalet. Kommunestyret slutta seg til eit framlegg frå Arbeidarpartiet der det heiter at kommunestyret viser til myndet til kontrollutvalet i samsvar med kommunelova kapittel 23 og politisk delegasjonsreglement kapittel 6. Kontrollutvalet kan behandla eitkvart forhold ved verksemda til kommune så lenge det kan definerast som kontroll- eller tilsyn med den nye kommunen. Kontrollutvalet kan på eige initiativ følgja opp saker som er behandla i nye Øygarden kommune dersom utvalet meiner det er viktig ut frå eit kontroll- og tilsynsperspektiv. Kommunestyret viser videre til vedtak i sak 191/2020 Plan for eigarskapskontroll for perioden 2020-2024 og 192/20 Plan for forvaltningsrevisjon for perioden 2020-2024.

Raudt fremja eit forslag om at kommunestyret respekterer kontrollutvalet si uavhengige og sjølvstendige rolle. I dette framlegget heiter det at kommunestyret går ut frå at kontrollutvalet utfører oppgåvene sine i samsvar med føresegna i kommunelova kapittel 23 og 24, «Forskrift om kontrollutvalg og revisjon» og «Veileder til kontrollutvalgs- og revisjonsforskriften». Det blir på same måte forventa at kommunedirektøren utfører dei lovpålagte oppgåvene sine i samarbeid med kontrollutvalet/sekretariatet i samsvar med kommunelova. Forslaget fekk 5 røyster (Raudt, MDG og SV) og fall.

Vedtok innovasjonsstrategi

Kommunestyret vedtok samrøystes etter framlegg frå Høgre, KrF, Sotralista, Venstre og Frp ein uttale til utkastet til innovasjonsstrategi for Øygarden kommune. I vedtaket heiter det at kommunestyret har forventningar om at Øygarden kommune skal vera ein innovativ kommune med fokus på fornying og nyskaping med sikte på å sikra størst mogeleg berekraft og best mogelege tenester for innbyggjarane. Kommunestyret har forventningar om at innovasjon skjer innan alle kommunalsjefområda og at innovasjon og innovasjonsfremjande prosessar vert innarbeida som del av styring, leiingsverktøy og ein integrert del av verksemda. Kommunestyret tar førebels utkast til innovasjonsstrategi til orientering. Endeleg innovasjonsstrategidokument skal innehalda modellskildring og prosess for implementering i heile organisasjonen. Det må lagast innovasjonsmåltal (KPI`ar) i kvart kommunalsjefområde. Endeleg innovasjonsstrategi med prioriterte innovasjonsområde, vert lagt fram for formannskap og kommunestyre hausten 2021.

Andre saker i kommunestyret 25. mars

  • Kommunestyret stadfestar mynde til kontrollutvalet (jf. politisk delegeringsreglement kap. 6), der det går fram at utvalet i medhald av kommunelova, ikkje har avgjerslemynde i enkeltsaker på vegner av kommunen. Enkeltsaker skal ikkje skal behandlast av kontrollutvalet.
     
  • Kommunestyret behandla klage på kommunestyret sitt vedtak av 12. desember 2019 om godkjenning av detaljreguleringsplan for Søra Sundet. Kommunestyret tok klagene frå Tor Larsen og Olav Bruåsdal til følgje, og tilrådde at endring av detaljreguleringsplan for Søra Sundet, Knappskog, vert sendt på avgrensa høyring.
     
  • Kommunestyret stadfestar val av Ruben Håvik (Ap) som representant til «Arbeidsutvalet - Samarbeidsavtalar med idretten» som erstattar for Geir Knarvik Fjeldstad (Ap).
     
  • Val av varapresentant frå AP til arbeidsutvalet for framtidig omsorgstilbod
    Egil Haaland vart vald som vararepresentant for Ap i Arbeidsutval for framtidig omsorgstilbod».

Det var sendt inn spørsmål/interpellasjonar frå ni representantar.

Tekst: Vigleik Brekke