Skal fastsetja fleire primærnamn

Skal det heita Hedlo eller Hella, og skal namnet vera Hjelteryggen eller Hjeltaryggen? Dette skal no fastsetjast. Fram til 6. februar har du høve til å koma med innspel til desse og om lag 40 andre primærnamn i Øygarden kommune.

Beate Bakkedal (til venstre), Agnethe Veivåg og Halvor Skurtveit ved sida av skiltet Hedlo. - Klikk for stort bileteSkal det heita Hedlo eller Hella? Beate Bakkedal (til venstre), Agnethe Veivåg og Halvor Skurtveit vil gjerne ha synspunkt på skrivemåten til fleire primærnamn i kommunen.


Kartverket har teke opp namnesak for fleire stadnamn som har status som «føreslege» i Sentralt stadnamnregister. Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. På nettsida til Øygarden kommune er det oversikt over alle primærnamna som skal fastsetjast og informasjon om korleis ein kan senda inn merknader og innspel.

- De er no folk har sjanse til å koma med innspel i namnesaka. Fastsetjing av skrivemåten av primærnamn kan få konsekvensar for ei rekkje adressenamn i kommunen, seier Agnethe Veivåg som arbeider med namnesaker i Øygarden kommune.

Kartverket gjer endeleg vedtak

I første omgang er det altså primærnamnet som skal fastsetjast. Etter at fristen er gått ut den 6. februar, samlar kommunen alle innspela som er komne inn og sender dette vidare til Språkrådet som sender tilråding til Kartverket. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Kartverket fastset så primærnamna og sender vedtaka til kommunen. Kommunen gjer vedtaket kjent.

- Dersom Kartverket vedtek eit primærnamn som ikkje er lik den kommunen har på adressenamnet, må kommunen retta seg etter vedtaket og behandla skrivemåten til adressenamnet på nytt, seier oppmålingsingeniør Beate Bakkedal.

Skrivemåten til primærnamna skal fastsetjast med utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen av namnet. I tillegg til dette skal ein som hovudregel følgja gjeldande rettskrivingsprinsipp.

- Det er viktig at dei som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, ber vi om å få opplyst dei ulike uttaleformene, seier rådgjevar i kultureininga, Halvor Skurtveit. Det er fint om eventuell dokumentasjon av bruken av namna vert lagt ved.

Skrivemåten av primærnamnet vil altså normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar. Døme på dette er adressenamn som er like eller avleidde av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når ein skal fastsetja namn på adressenamn.

Her kan du sjå på kart med plassering av namna.

I eit brev frå Kartverket er det også informasjon om skrivemåten og vedtak knytt til bruksnamn. (PDF, 232 kB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke