Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Sjukeheimsbebuarar fekk oppfriskingsdose allereie tysdag

Tysdag klokka 14 gjorde regjeringa det kjent at alle over 65 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine. Seinare same dag fekk nærare 150 sjukeheimsbebuarar i Øygarden denne dosen.

Brita Nese var ein av bebuarane på Sundheimen som fekk oppfriskingsvaksine i går. Biletet er frå den dagen ho fekk den første vaksinen (6. januar i år).   - Klikk for stort bileteBrita Nese var ein av bebuarane på Sundheimen som fekk oppfriskingsvaksine i går. Biletet er frå den dagen ho fekk den første vaksinen (6. januar i år).   

Øygarden kommune har eit lager av Pfizer-vaksine som hadde tysdag 5. oktober som siste forbruksdag. Kommunen var klar for å setja vaksinedosar på kort varsel dersom regjeringa gav klarsignal for dette.

- Då det på tysdag vart kjent at alle over 65 år skulle få tilbod om oppfriskingsdose, var medarbeidarane på dagen klare for å gje tilbod om vaksinedose til dei eldre på institusjonane. Eg er imponert over at personellet klarte å få dette til på dagen, seier smittevernlege Jens Eikås. For dei som fekk vaksine i går, var det gått minst seks månader mellom andre dose og oppfriskingsdosen.

Det er strenge reglar for bruk av vaksinedosar. Det er ikkje lov å bruka vaksinane etter at siste forbruksdag er passert.

- Siste forbruksdag er fastsett med god margin. Vi følgjer reglane strengt, og dei vaksinedosane som hadde siste forbruksdag i går, vert ikkje brukte, seier Eikås.

Også ordførar Tom Georg Indrevik er imponert over at bebuarane fekk vaksindedose på kort varsel.

- Det er imponerande at medarbeiarane klarte å snu seg så raskt rundt for å få nytta desse dosane når det vart opna for ein tredje dose til denne gruppa, seier ordføraren.

Øygarden vil no tinga fleire vaksinedosar slik at kommunen kan gjennomføra vaksinasjon av personar over 65 år. Kommunen vil følgja tilrådinga frå Folkehelseinstituttet om å følgja same aldersprioriteringa som ved grunnvaksineringa. Førsteprioritet er bebuarar på sjukeheimar og dei over 85 år. Deretter følgjer aldersgruppene 75-84 år og så 65 til 74 år.

Tekst og foto: Vigleik Brekke