Sjå video av montering av skilt i Knarrvika

Den 2. januar vart skiltet for Øygarden kommune sett opp i Knarrvika. Dette skiltet erstattar det gamle skiltet for Fjell kommune.

Montering av nytt skilt I Knarrvika - Klikk for stort bileteMontering av nytt skilt I Knarrvika  

Skiltet er som før plassert like etter at du har kome på landsida etter å ha passert Sotrabrua på riksveg 555. På skiltet er logo med kommunevåpenet til tidlegare Sund kommune.


Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Torill Selsvold Nyborg var på plass for å få med seg denne historiske hendinga. Dei er begge samde om at dette vart eit flott skilt der kommunelogoen kjem tydeleg fram. Les artikkel om monteringa her.

Videoen er produsert av Amini Farshid og Halvor Skurtveit.