Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Signerte avtale om hydrogenanlegg i Energiparken

H2 Productions har signert en kontrakt med ZEG Power om kjøp av hydrogenanlegg.

Arbeidet med carbonfangsanlegget i Energiparken er i full gang. - Klikk for stort bileteArbeidet med carbonfangsanlegget i Energiparken er i full gang. 

Anlegget vert no sett i bestilling med forventa produksjonsstart i løpet av første kvartal 2023 skriv H2 Productions AS og CCB Energy Holding AS i ei pressemelding.

- Vi er svært glade for å ha landa denne strategisk viktige avtalen, seier administrerande direktør for H2 Productions, Ronny Haufe.

Eit hydrogenanlegg basert på naturgass med integrert CO2-fangst vert det første i sitt slag, og det vil vera ein del av satsinga mot det grøne skiftet. Anlegget vert oppført i Energiparken på Ljøsøyna.  Hydrogenanlegget som vert etablert i Energiparken, er eit pilotanlegg som markerer første fase på vegen mot storskala hydrogenproduksjon i Øygarden. Anlegget og prosjektet har motteke investeringsstøtte frå Enova.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over avtalen.

- Det er svært positivt at denne kontrakten no er på plass. Dette er første etablering som kjem i tilknyting til CO2-lagringsanlegget, seier ordføraren.

I Energiparken er fleire klimavennlege etableringar i gang. Det er her det nasjonale mottaks- og deponeringsanlegget for CO2 vert etablert, i regi av Northern Lights som ein del av den nasjonale klimasatsingen, Langskip.