Dei tre tidlegare kommunane her vest har i mange år hatt samarbeid med SINTEF. Kommunestyret i Øygarden vedtok ny samarbeidsavtale den 25. mars i år. Avtalen har ei årleg økonomisk ramme på eín million kroner.
- Dette er ein historisk dag. Det er no arbeidet startar. Vi skal nytta avtalen til felles beste, sa Tom Georg Indrevik då han innleia seminaret i dag.
Konstituert kommunedirektør Rune Landro viste til samarbeidet dei tre kommunane har hatt med SINTEF via næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar. Han viste mellom anna til samarbeidet om framtidas kunnskapsklynge der ein no gjennomfører moglegheitsstudie for å kombinera nytt rådhus og ny vidaregåande skule.
- Det er viktig å søkja kunnskapskompetanse utanfor oss sjølv frå akademia og næringslivet for å nå måla, sa Landro.
Konsernsjef i SINTEF, Alexandra Bech Gjørv, såg litt tilbake på samarbeidet med dei tre gamle kommunane og meinte at det i dette området er sterk energi.
- Eg er imponert over evna dei tre kommunane har til å driva innovasjon i praksis, sa konsernsjefen.
Her kan du sjå video av sjølve underteikninga som skjedde på Teams.
Det går allereie føre seg mykje arbeid knytt til samfunnsutvikling i Øygarden. Arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen vil venteleg verta vedteken i februar 2022. I sist veke presenterte det nyetablerte kommunale føretaket, Øygarden næringsutvikling, skisse til næringsstrategi.
Sigmund Kvernes, som har vore SINTEF-kontakten mot dei tre kommunane i mange år, vart utfordra til å seia noko om kva erfaringar forskingsinstitusjonen har hatt med kommunane i vest og kva dette kan gje av lærdom for samarbeidet i framtida.
- Det er svært viktig at vi utanfrå tek utgangspunkt i lokale forhold. Tilliten må byggjast så fort som mogleg. Lokale idear må lyftast opp og fyllast på med nettverkskunnskap. Prosjektet «Sjef i eige liv» er førebiletleg, sa Kvernes og nemnde også samarbeidet innan utdanning og etableringa NCE Subsea (seinare GCE Ocean Technology) som døme på gode samarbeid. Han understreka også det gode samarbeidet med næringslivet og Vest Næringsråd.
I den siste delen av arrangementet var det tre parallelle sesjonar som handla om karbonfangst og lagring, mobilitet og innovasjon og omstilling i kommunesektoren.
Tekst: Vigleik Brekke
Video: SINTEF