Ser svært alvorleg på varsel om overtredingsgebyr - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Ser svært alvorleg på varsel om overtredingsgebyr

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har varsla at Øygarden kommune vert ilagt eit overtredingsgebyr på 8,7 millionar kroner.
- Vi ser svært alvorleg på dette, og kommunen vil gje tilsvar på varselet, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik 

Bakgrunnen for varselet er klage frå Rettferdig Offentlig Saksbehandling (ROS) i februar 2020. Saka gjeld rammeavtalar tilbake til 2015 i tidlegare Øygarden kommune for handverktenester innanfor åtte område. Frå 2020 vart tidlegare Sund, Fjell og Øygarden slått saman til eín kommune.

KOFA konkluderer med at innanfor «Grunnarbeid og vegvedlikehald» og «Røyrleggjar» er det gjennomført ulovleg direkte anskaffing. Ifølgje KOFA er den faktiske verdien av rammeavtalen innanfor «Grunnarbeid og vegvedlikehald» meir enn 15 gonger så høg som det øvre nivået på den estimerte verdien.

Basert på opplysningar i saka så langt har KOFA lagt til grunn at gebyrgrunnlaget utgjer totalt 73,2 millionar kroner og varslar eit overtredingsgebyr på 8 725 000 kroner.

Ordførar Tom Georg Indrevik ser svært alvorleg på varselet og seier at kommunedirektøren vil gje tilsvar slik det er høve til. Han seier at dette gjeld forhold i gamle Øygarden kommune og at ein ikkje kan gjera noko for å endra på det som har skjedd. Han understrekar at kommunen arbeider med rutinar og praksis for å sikra at liknande ting ikkje skal skje i kommunen.

- Dette tek vi på høgste alvor. I den nye kommunen er vi godt i gang med arbeidet med å sikra at alle anskaffingar skjer innanfor lovar og reglar. Det er også oppretta ei eiga avdeling som har innkjøp og investeringar som einaste oppgåve, seier ordføraren.

Han seier at kontrollutvalet har arbeidd med denne saka over lengre tid og at dette utvalet vil følgja opp varselet.

- Varselet om at kommunen får eit gebyr og storleiken på gebyret er så alvorleg at eg også kallar inn til ekstraordinært digitalt formannskapsmøte komande torsdag klokka 14.00 for å gje informasjon om varselet og korleis kommunen følgjer dette opp, seier Indrevik.

Her er varslelet om overtredingsgebyr (PDF). (PDF, 792 kB)

Tekst og foto: Vigleik Brekke