Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Seks politiske møte i neste veke

Politiske utval og råd skal i neste veke mellom anna drøfta utkastet til samfunnsdelen til kommuneplanen 2022-2034 og sak om eventuell nedlegging av Blomvåg skule. Utval for samfunnsutvikling har sitt møte veka etter, den 26. oktober. Formannskapet har arbeidsmøte om oppfølging av økonomirapport den 21. oktober.

Arkivfoto. Møte i utval for tenester og levekår 20. september. - Klikk for stort bileteArkivfoto. Møte i utval for tenester og levekår 20. september. 

Arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen har gått føre seg over lengre tid der både administrasjonen, politikarane, næringslivet, organisasjonar, innbyggjarane og andre har vore involverte. No ligg utkastet frå kommunedirektøren føre. Les meir her.

Saka om eventuell nedlegging av Blomvåg skule er ei oppfølging av vedtak på budsjettmøtet i desember 2020 om å få lagt fram ei sak som vurderer nedlegging av Blomvåg skule. Saka har lege ute til høyring med frist til 30. september. Kommunedirektøren legg fram to alternative vedtak. Det eine er å ikkje leggja ned Blomvåg skule, medan det andre er å leggja ned skulen frå skuleåret 2022/2023. Saka vert endeleg behandla i kommunestyret.

Råd for personar med funksjonsnedsetjing er kalla inn til møte måndag 18. oktober klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Ungdommens kommunestyre har møte måndag 18. oktober klokka 16.30. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Eldrerådet har møte tysdag19. oktober klokka 11.00 i kultursalen i rådhuset på Straume. Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.

Utval for tenester og levekår har møte onsdag 20. oktober klokka 12.00 Behandlinga av sakene tek til klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.

Utval for plan er kalla inn til møte torsdag 21. oktober. Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.

Formannskapet har arbeidsmøte om økonomirapport pr. 2. kvartal torsdag den 21. oktober kl. 12.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.