Satsar på «Kanonlaurdag» i heile kommunen
Innbyggartorga og biblioteka i Øygarden er i gang med «Kanonlaurdagar». Alt av tilbod er gratis.
- Vi ville syta for at det vart auka aktivitet på alle stader, og vi ville gje eit tilbod til alle. Så då satsa vi på å laga ein laurdag i månaden der vi har arrangement for både vaksne og familiar. Dette har vi aldri gjort før, seier Yngvild Marie Kaarbø Wiese, avdelingsleiar for innbyggartorg og bibliotek.
Saman med tilsetteamet og programansvarleg, Trude K. Bendiksen, har dei utarbeidd eit mangfaldig tilbod til øygardsfolket.
- Her er barneteater, spelklubb, teiknekurs for ungdom, redesignkurs for både vaksne og ungdom, og eit variert utval foredrag, seier Wiese.
Bilete frå kanonlaurdag i Skogsskiftet
Innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet
Kanonlaurdag 18. februar
Innbyggartorget og biblioteket på Rong Senter
Kanonlaurdag 25. februar
- Barneteater: Fast i plast ved Maria Rønhovde
- Arrangement for vaksne kjem
I kalenderen på nettsida til innbyggartorga og biblioteka finn du meir informasjon om andre arrangement
Fotogalleri
Publisert 27.01.2023 07.40