- Sats på fyrtårnprosjekt!

Dagleg leiar i Initiativ Vest og initiativtakar til Periferifestivalen på Glesvær, Ole Rasmus Øvretveit, hadde mykje på hjarta då han innleia digital samfunnsverkstad onsdag kveld. Øvretveit er også kjend som arrangørsjef for Periferifestivalen på Glesvær.

Frå møtet i den digitale samfunnsverkstaden onsdag kveld. På biletet; Ole Rasmus Øvretveit - Klikk for stort bileteFrå møtet i den digitale samfunnsverkstaden onsdag kveld. På biletet; Ole Rasmus Øvretveit. |

Møtet var eitt av fleire medverknadsmøte knytt til arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.

Øvretveit avslutta innleiinga til samfunnsverksten ved å visa til at Øygarden kommune har sjøfronten, sjømat, ny hamn og karbonfangsprosjekt. Han sa at berekraftsmåla til FN ikkje berre handlar om miljø isolert, men om god samfunnsutvikling og vekst. Han var tydeleg stolt av bakgrunnen sin sør i Øygarden.

- Eg kjem frå kultur- og aktivitetsbygda Glesvær. Her heldt vi liv i butikken lenge, men han måtte leggjast ned til slutt. Heldigvis vart butikken erstatta med kafé. Her ute har vi ungdomslag, sjøsportsenter, musikkmiljø og mykje anna. Glesvær utvikla seg til ei aktivitetsbygd. Bygda leverte mange kulturprofilar, og Periferifestivalen bygde på dette. Det er viktig å våga å satsa på fyrtårnprosjekt, sa Øvretveit.

Med sin litt filosoferande uttrykksmåte snakka Øvretveit varmt om engasjement lokalt og at ein i arbeidet med Periferifestivalen bygde på kompetanse, var tru til konseptet og samarbeidde godt med det offentlege, først og fremst kommunen og fylkeskommunen.

Ordførar Tom Georg Indrevik innleia den digitale samfunnsverkstaden sa at Øvretveit er eit bevis på at det «går an». Ordføraren oppmoda alle til å delta i arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. På torsdag og fredag skal han på besøk til fleire skular for å overlevera ein berekraftsfotball med dei 17 symbola til berekraftsmåla til FN.

Gruppearbeid

I etterkant av innleiinga til Øvretveit vart dei om lag 45 deltakarane inndelte i grupper der dei skulle svara på spørsmål knytt til korleis ein ser for seg Øygarden dei neste 12 åra. Spørsmåla handla om korleis ein saman kan arbeida for eit lokalsamfunn som er godt å bu og leva i for alle? Kva skal til for at du vert meir engasjert i utviklinga av ditt lokalsamfunn? Korleis vert kommunen ein god samarbeidsaktør i møte med lag og organisasjonar, frivilligheit og sivilsamfunnet?

Fleire var opptekne av å sikra gode oppvekstvilkår i dei ulike grendene. Her var trafikktryggleik, auka tal på elevar i grendaskulane, engasjement for frivillig arbeid, bustadpolitikk og gode aktivitetstilbod noko av det deltakarane tok opp.

Anja Ulveseth Heggen frå Ulveseth var oppteken av naturen var tilgjengeleg for alle.

- Ofte går kommunen mot sine eigne vedtak når det gjeld LNF-område (LNF: Landbruks-, natur og friluft). Det er trist når vi som bønder opplever at utmark vert utbygd. Vi treng vera meir stolte av naturen vår, sa Ulveseth Heggen.

Ole Rasmus Øvretveit meinte det var uheldig om bustadfelt vert prega av for mykje lågkosthus.

- Dette fører til stor gjennomstrøyming og gjev ikkje stabile og gode nok bumiljø.

May-Britt Heggholmen ønskte meir engasjement blant bygdafolket.

- Det er mykje ressursar i bygda vi ikkje veit om. På Hellesøy har dei fått til mykje med Hengjo og sommarkafé, sa Heggholmen.

Dette var eitt av fem medverknadsmøte. På grunnlag av alle innspela som er kjem inn på ulike medverknadsmøte og det som kjem inn via innspelsportalen, skal det utarbeidast ein rapport som vert presentert for politikarane før ferien. Så skal det utarbeidast eit framlegg til samfunnsdel til kommuneplanen som skal ut på høyring i haust. Det er venta at planen vert endeleg vedteken på nyåret 2022.

Les meir om samfunnsdelen til kommuneplanen her. Der finn du også innspelsportalen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke