Samlokaliserer innbyggjarservice og biblioteka

Skogsskiftet_02 - Klikk for stort bilete  Frå august av vil innbyggjarane få eit anna førstemøte med kommunen enn i dag. I løpet av august er venteleg arbeidet med å samlokalisera innbyggjarservice og biblioteka fullført. Innbyggjarservice vert då lokaliserte i biblioteklokala på Straume, Skogsskiftet og Rong.

Med dette grepet følgjer kommunen opp intensjonsavtalen som slår fast at dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter og at dei brukarretta tenestene skal vera lokaliserte så nær brukarane som mogleg. Den nye kommunen skal ha gode digitale løysingar, og biblioteka skal vera gode lokale møteplassar lagt til kommunesenteret på Straume og kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong.

Prosjektansvarleg Grethe Bergsvik seier at det skal gjennomførast litt ombyggingsarbeid ved biblioteka på Rong og i Skogsskiftet. Dette arbeidet skal etter planen vera sluttført i løpet av august.

- No vert det slutt på at innbyggjarane skal møta opp på rådhuset for å få fysisk kontakt med kommunen. Samlokaliseringa med biblioteka samsvarar godt med intensjonsavtalen for den nye kommunen, seier Bergsvik. Her skal innbyggjarane no få «ei dør inn» for informasjon, råd og rettleiing om dei kommunale tenestene, både fysisk og digitalt.

Ny møteplass for samskaping med kommunen

Målet er at kombinasjonen av gode møteplassar og gode digitale løysingar skal gje innbyggjarane eit tilpassa og effektivt tenestetilbod. Ei arbeidsgruppe, samansett av representantar frå Kultur og samfunn, biblioteka, innbyggjarservice, NAV, tillitsvalde og verneombod har i løpet av dei siste vekene arbeidd fram skisse til korleis dei nye innbyggjartorga skal verta. Men det står framleis ein del arbeid igjen.

- Utviklinga av innbyggjartorga er ein prosess der vi ønskjer å involvera og spela på lag med innbyggjarane, dei tilsette, politikarane og lag og organisasjonar. Saman kan vi utvikla innbyggjartorga knytt til biblioteka til beste for innbyggjarane, seier Bergsvik.

Det er også eit mål om at innbyggjarane kan få løyst mest mogleg av behova sine i innbyggjartorga. Med gode digitale løysingar og tilpassa innbyggjartorg, kan ein avlasta saksbehandlarane og dermed totalt auka både service og effektivitet.

Vidareutviklar lokaldemokratiet

Biblioteksjef Bente Fosse seier at med samlokaliseringa får vi ein fellesarena for samskaping og medverknad og ei god plattform for vidareutvikling av lokaldemokratiet.

- Det vert eit lågterskeltilbod og ein sosial arena open for alle, utan krav til aktiv deltaking eller betaling. Folk vil framleis kunna låna bøker, andre media og  booka møterom. Det vert gjeve rettleiing i val av litteratur, hjelp til å finna fram  i ulike databasar og på internett eller kunne delta i og/eller arrangere aktivitetar og kulturarrangement, seier Fosse.

I tillegg til samlokaliseringa, vil Øygardsbiblioteka i løpet av hausten få på plass tilbod om meirope bibliotek på Straume  og Rong.

- Meirope bibliotek har vore svært vellukka i Skogsskiftet og er eit  tilbod som gjer det enklare å bruka biblioteket når det passar i travle kvardagar. Det vert tilgang til dei samlokaliserte lokala også i ubetente opningstider.

Straume bibliotek har fått midlar frå Bibliotekutvikling Vestland for å laga eit spelerom på biblioteket. Ein plass der barn og unge kan møtast og knyta band gjennom sine felles interesser for spel og teknologi.

- Vi ønskjer at rommet skal kunna brukast som ein møteplass i kvardagen, men også som arena for arrangement og sosiale «happenings». Vi er glad for å kunna vidareutvikla biblioteka og ser fram til eit godt samarbeid med innbyggjarservice, seier Bente Fosse. 

Nøysam tilnærming

Prosjektet ønskjer å gjenbruka mykje av dagens utstyr og møblar. Eigedomsavdelinga er sentrale i samlokaliseringa.

Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse, seier at visjonen er ei dør inn til kommunen.

- Når innbyggjartorga vert bygde opp skal brukarane vera i sentrum. Ulike tenester vil koma til etter kvart, seier Nesse.

Dette er berre starten

Døme på tenester og aktivitetar som kan leggjast til innbyggjartorget i neste fase er:

  • Førstelineteneste for alle publikumsretta tenester
  • Møte med kommunale saksbehandlarar
  • Arena for innbyggjarinvolvering og uformelle møteplassar
  • Fleksible møterom, kontorarbeidsplassar og areal for arrangement

I tillegg kjem andre ting som vil koma fram i medverknadsprosessen.

Opningstider i sommar

I juni er opningstida på rådhusa og kommunedelsentera på Rong og i Skogsskiftet klokka 09.00 til 15.00.

I juli er opningstida på Øygarden rådhus på Straume klokka 09.00–15 .00. I Skogsskiftet og Rong er administrasjonsbygga opne for avtalte besøk og vert betente av digitale besøksvertar.

Merk at biblioteket på Straume er heilt stengt i tida 6. til 10. juli på grunn av omlegginga.