Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Samla inn 183 tusen kroner til TV-innsamlinga

Ei gruppe på seks-sju personar ringde i dag inn 183 tusen kroner frå næringslivet til TV-aksjonen. 
- Dermed slo vi bidraget i fjor som var på 179 tusen kroner, seier ein godt nøgd koordinator Stine Sanden.

Anders Ekanger får gode råd frå Marte Eggum og Stine Sanden - Klikk for stort bileteAnders Ekanger får gode råd frå Marte Eggum og Stine Sanden. 

I tillegg til politikarar og representantar frå Vest Næringsråd, var (ikkje heilt uventa) Kenneth Bruvik på plass i kultursalen. TV-aksjonen NRK 2020 går til arbeidet Verdas naturfond (WWF) gjer for å bekjempa plast i havet.

- Hei, eg er med på den digitale TV-aksjonen. I dag sit eg på rådhuset og er med på ein ringeaksjon for TV-aksjonen. Eg har jo snakka mykje om plast i havet, og spørsmålet er om det er mogleg å vera med på å støtta TV-aksjonen i år også, er det håpefulle spørsmålet frå den ustoppelege Bruvik. Framfor seg har han ei liste med namn over dei som støtta aksjonen i fjor.

Ringegjengen i dag var utanom Bruvik samansett av ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, informasjonsansvarleg Anders Ekanger, medarbeidar i Vest Næringsråd, Sirianne Arnestad Hellerud, og Jan Utkilen.

Jublar over nye gåver som kjem inn

Frivilligkoordinator Stine Sanden og fylkesaksjonskoordinator for TV-aksjonen i Vestland, Marte Eggum, ser til at går rett for seg. Dei jublar for kvart ark som vert levert fram til dirigentbordet med lovnad om pengestøtte.

- No har vi passert 110, tusen seier Stine Sanden eit stykke ut i telefonaksjonen. Klokka 15.35 var det kome inn 174 tusen kroner. Meir pengar er i vente når fleire aktuelle gjevarar skal ringjast opp.

Marte Eggum seier at alle kommunane i fylket vert oppmoda om å gjera det same som her i Øygarden. I tillegg til kommunar kan til dømes næringsråd og næringshagar organisera telefonaksjonar. Det vert ein annleis TV-aksjon i år ettersom det skjer med digitale bøsser, seier Eggum.

Jan Utkilen sit bak på høgre fløy og ringjer med den uknuselege Nokia-telefonen sin.

- No har Sotra Gruppen gjeve meir enn dobbelt så mykje som i fjor, seier Utkilen nøgd, utan dermed å røpa beløpet.

Han vedgår at han ikkje er kjempeglad i å tigga etter pengar.

- Men det går jo til ei god sak.

Sjå video frå innsamlingsdagen på Facebook-sida til Vest Næringsråd.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå telefonaksjonen i dag:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete