Samde om berekraftsmåla

Ungdommens kommunestyre (UKS) har klare tankar om kva som er dei viktigaste utfordringane for Øygarden kommune dei komande åra. Utdanning, helse, klima og utrydding av fattigdom ønskjer ungdomspolitikarane står høgt på prioriteringslista.

Frå gruppearbeidet. Leiar i UKS, Karoline Sæle Einevoll, sit til høgre. - Klikk for stort bileteFrå gruppearbeidet. Leiar i UKS, Karoline Sæle Einevoll, sit til høgre. 

På møtet på tysdag utfordra samfunnsplanleggjarane Eli J. Fosso og Kristina Espeseth UKS til å prioritera blant utfordringane  knytt opp mot dei 17 berekraftsmåla til FN. Også livet under og over vatnet var viktige tema for ungdomspolitikarane.

Samfunnsplanleggjarane konkluderte med at ungdomspolitikarane er svært samstemte om kva oppgåver kommunen bør prioritera i dei komande åra. Den 28. mai skal kommunestyret også arbeida med berekraftsmåla. Øygarden kommune skal utarbeida ein planstrategi, og føringar frå politikarane vert synleggjort i samfunnsdelen til kommuneplanen.

Karoline Sæle Einevoll er leiar i UKS. Ho forklarar prioriteringane til UKS.

- Ungdomen er oppteken av kva dei skal verta, og val av utdanning viser kva vi kan verta i eit større perspektiv. Vi er også oppteken av helse. Mange unge slit, og difor må vi prioritera psykisk helse og leggja til rette for at ungdomen kan få snakka med helsesjukepleiarar.Også mange eldre kjenner på einsemd, og vi må arbeida for at dei får ein variert kvardag, blant anna at vi unge besøkjer dei, seier Karoline.

Ønskjer å utrydda fattigdom

På møtet i UKS, vart deltakarane delte inn i to grupper. Det viste seg at dei prioriterte nesten identisk når resultata vart presentert i plenum. Mellom anna ønskjer ungdomane at arbeidet med å utrydda fattigdom må ha høg prioritet.

- Det er for store ulikskapar i dag. Det er viktig at alle vert sikra arbeid og får inntekter. Det bidreg til mindre ulikskap og fattigdom. Det bør også leggjast til rette for at ungdom kan få småjobbar slik at dei slepp å spørja foreldra om pengar, seier Karoline Sæle Einevoll.

Varaordførar Atle Dåvøy er kontaktperson for kommunestyret i UKS. Han presenterte seg sjølv og gav uttrykk for at han var imponert over ungdomspolitikarane.

- Det er utruleg imponerande å høyra på dykk. UKS er kjempeviktig. Eg gler meg til å følgja dykk vidare. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg, sa Dåvøy.

Grete Bergsvik er sekretær for UKS. Ho orienterte om korleis arbeidet i UKS vert organisert.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå møtet:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete