Rosa regionen for handlekraft

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland rosa kommunane for handlekraft under oljekrisa, då ho var første føredragshaldar på Øygardenkonferansen i dag. Vel 200 deltakarar frå næringslivet, kommunane og andre aktørar er samla på Panorama Hotel & Resort. 

Monica Mæland - Klikk for stort bileteMonica Mæland

 

– Kommunane handterte oljekrisa på ein skikkeleg og grundig måte. Denne regionen er svært handlekraftig og brukte verkemiddelapparatet. Det er grunn til å gje ros til dei tre kommunane som stod på slik at de kom gjennom den utfordrande situasjonen, sa statsråden men minna likevel om at det vert trongare tider og stramare handlingsrom.

Monica Mæland var tydeleg på at samfunnet står framfor store utfordringar. Mellom anna minna ho om at vi vert stadig fleire eldre.

– Problemet er ikkje fleire eldre, men at vi vert færre yngre sysselsette. Vi må leggja til rette for busetnad og vekst i heile landet. Det må skapast ein utviklingskultur der vi tek med oss det beste frå dei tre kommunane samstundes som vi kan gjera noko heilt nytt, sa ministeren og råda alle involverte til å vera rause med kvarandre.

Treng bærekraftige kommunar

I dag er det 422 kommunar i landet. Etter at kommunereforma er gjennomført, vil det vera 356 kommunar. Dei fleste vil likevel ha mindre enn fem tusen innbyggjarar.

– Den nye kommunen her ute vert ein stor kommune med meir enn 35 tusen innbyggjarar. Skal vi skapa bærekraftig velferd, er vi avhengige av bærekraftige kommunar, sa Monica Mæland.

Dei tre ordførarane i regionen var på plass. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund). - Klikk for stort bileteDei tre ordførarane i regionen var på plass. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Kari-Anne Landro (Sund).

 

Eksepertkommentator Johan Kaggestad snakka om leiing og samspel for å utvikla ein kommune for framtida. Han var oppteken av at visjonen og målet for den nye kommunen er godt forankra.

– Kva skal kjenneteikna god leiing, spurte Kaggestad.

– Det handlar om å ha gode involverande prosessar, og snakk med kvarandre framfor å snakka om kvarandre, sa han.

Konferansen held fram utover dagen. Seinare vert det mellom anna to debattbolkar.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 29.11.2018
Fann du det du leita etter?