Resultat etter førehandsrøystene

Resultatet av førehandsrøystinga for Øygarden kommune vart offentlegjort klokka 21. Høgre og Arbeidarpartiet er størst etter at 28,8 prosent av røystene (førehandsrøystene) er talde opp.

 Tom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Svein Otto Jacobsen (Frp) ventar spent på resultatet av førehandsrøystene litt før klokka 21. - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Svein Otto Jacobsen (Frp) ventar spent på resultatet av førehandsrøystene litt før klokka 21.

 

Høgre får 21,1 prosent (ni representantar) og er førebels det største partiet i kommunestyret etter at førehandsrøystene er talde opp. Arbeidarpartiet får 17,6 prosent (åtte representantar). Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Framstegspartiet og Sotralista vil få fem representantar kvar i kommunestyret om dette vert sluttresultatet. KrF ligg an til å få fire representantar, medan Senterparitet frå tre representantar.

 

 

Mandatfordeling etter at førehandsrøystene er talde opp. - Klikk for stort bileteMandatfordeling etter at førehandsrøystene er talde opp.

 

 

Endringane viser store utslag ettersom resultatet i 2019 er samanlikna med dei tre kommunane totalt i 2015.

Følg resultata på valgresultat.no

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.09.2019
Fann du det du leita etter?