Reknar med 15 tusen deltakarar på HavExpo
Både fotballhallen, Sotra Arena og turnhallen i Straume idrettspark er fylt opp med næringsaktørar inn havbruk og fiskeri denne veka.
Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte deltakarane av HavExpo velkomen til Øygarden på opningsdagen tysdag.
Frå venstre; varaordførar Torill Selsvold Nyborg, ordførar Tom Georg Indrevik og fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, på standen til Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling og Vest Næringsråd. Heilt til venstre; dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang.
Ordføraren meinte at det er god grunn til å vera optimistisk med tanke på framtida for denne næringa.
- Vi byggjer eit fyrtårn i vest saman basert på framtidstru, innovasjon og optimisme. sa ordføraren. Han understreka at dette er noko vi ikkje skal gjera åleine, men saman.
Den offisielle opninga vart gjort ved fylkesordførar Jon Askeland.
- Messa er kanskje er viktigare enn nokon gong, med krigen i Ukraina som truar mattryggleiken, sak fylkesordføraren.
Dan Christensen i Sotra Sportsklubb seier at 320 utstillarar er på plass, og det er venta 15 tusen besøkande i løpet av tre dagar.
HavExpo er ei ny internasjonal messe for norsk havbruk og fiskeri. HavExpo skal visa fram havnæringane og arrangera ei rekkje føredrag og seminar.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire foto:
Publisert 11.05.2022 09.04