Reguleringsendring Fagerbakkane bustadområde

Gnr/bnr 36/229 - PlanID 1259 2012 0012 - Kunngjering av vedtak

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 27.09.17, sak 056/17, å godkjenne endring av reguleringsplan for Fagerbakkane bustadområde. 

Planvedtaket vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Sentrale dokument i saka:

Reguleringsendring - Sakspapir (PDF, 996 kB)
Plankart - Torsteinsvik i målestokk 1:1000   31.08.17 (PDF, 668 kB)
Planskildring - Torsteinsvik 31.08.17 (PDF, 3 MB)
Føresegner - Torsteinsvik 31.08.17 (PDF, 181 kB)
 

Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova §§ 12-12 jfr. § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klagefrist 06.11.17.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast Øygarden kommune innan 3 år etter at reguleringsvedtaket er kunngjort (jfr. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).» 

Eventuelle klagar eller krav vert å senda pr post eller e-post til:
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 12.10.2017
Fann du det du leita etter?