Registreringsplikt for sal av tobakk og tobakkssurrogat

tobakksal1.jpg - Klikk for stort bilete Alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar, MÅ registrere seg innan 31. desember 2017. Registeret vart opna 1. november. Kommunane skal føre tilsyn med tobakkssalet.

Berre salsstadar som er registrert i Tobakkssalgsregisteret frå 1. januar 2018, kan lovlig selje tobakksvarer eller tobakkssurrogat. Registreringspliktige verksemder er:

  • Verksemder som sel tobakksvarer og/eller tobakkssurrogat til forbrukar (detaljistar) frå salsstadar.
  • Grossistar som sel tobakksvarer og tobakkssurrogat.

Det er den verksemda som er juridisk ansvarleg for salsstaden som er registreringspliktig. Personar som ikkje er knytt til eit enkeltpersonføretak, kan ikkje registrere seg og selje tobakksvarer og tobakkssurrogat. Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må være registrert i Enhetsregisteret.

Tobakkssalgsregisteret er drifta av Helsedirektoratet og er å finne på deira heimeside.

Frist for registrering

Dei som allereie sel tobakksvarer og tobakkssurrogat må registrere seg i tobakkssalgsregisteret mellom 1. november og 31. desember 2017. Etter dette må registrering skje seinast 14 dagar før salet startar, for å sikre at kommunen kan planlegge og føre tilsyn.

Her kan du registrere salsstad

Fleire salsstadar under same verksemd

Dersom verksemda har fleire salsstadar, skal kvar enkelt salsstad registrerast. Grunnen er at det trengs oversikt over alle stadane det skal føres tilsyn med og at opplysningane skal være riktige for kvar enkelt salsstad.

Verksemd som er både grossist og utsal

Dersom ei verksemd driv både engrossal og detaljsal, må verksemda registrere seg som både grossist og detaljist på grunn av at det vert stilt ulike krav til opplysningar.

Fast og midlertidig sal

Registreringsplikten gjeld både fast og midlertidig sal. At alle salsstadar må registrerast inneber at omreisande sal berre er tillate der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan føre tilsyn der salet skjer til ei kvar tid. Unnatak gjeld for tog og skip som er kollektive transportmidlar og cruiseskip, som Helsedirektoratet skal føre tilsyn med. Ved registrering av midlertidig sal for ein periode opp til 30 dagar, vil tilsynsavgifta bli redusert.

Nettsal og fjernsal

Nettsal og anna fjernsal av tobakksvarer føl ei annan ordning, som ikkje er tredt i kraft enno.

Unnatak frå registreringsplikten

Sal av tobakksvarar og tobakkssurrogat til forbrukar på petroleumsinstallasjonar til havs, er ikkje registreringspliktig. På Svalbard er det berre registreringsplikt for salsstadar i Longyearbyen.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 05.12.2017
Fann du det du leita etter?