Registrer deg for vaksineLytt til tekstenStopp avspillingHer finn du informasjon om koronavaksineringa i Øygarden. Alle over 18 år som ønskjer koronavaksine, må registrera seg i vaksinasjonskø.Korleis registrera seg for vaksine?For å få registrera seg i vaksinasjonskø for koronavaksine i Øygarden, er det oppretta eit digitalt registreringssystem. Ettersom kommunen ikkje veit kor mange vaksinar som til ei kvar tid er tilgjengeleg, vil registreringa ikkje fungera som ei vanleg timebestilling.Registreringa inneber å melda si interesse for vaksine. Øygarden kommune vil gje melding på SMS om kva tid det er klart for vaksinering og du kan bestilla time.NB! Dei som har fått innkalling til vaksine frå fastlegen, skal ikkje registrera seg i vaksinekøen.Dersom du er i ein helsesituasjon som du meiner kvalifiserer til å verta prioritert i vaksinasjonskøen utanom nasjonale retningslinjer, kontakt fastlegen din. Registrering for vaksinekø Slik går du fram for å registrera deg Du kan registrera om du ønskjer vaksine eller ikke på tre ulike måtar. Du kan anten 1) registrera deg selv, 2) få hjelp av en pårørende eller nær bekjent, eller du kan 3) ringja vaksinasjonstelefonen. Alternativer Alternativ 1: Registrera deg sjølv Trykk på lenkja for vaksineregistrering. «Registrer deg her» Du kjem då da inn på nettsida www.helseboka.no. Vi tilrår at der registrerer dykk ved hjelp av datamaskin eller nettbrett og nettlesaren Google Chrome. Logg deg inn ved å bruka kodebrikke, BankID eller BankID på mobil. Deretter skal du registrera fødsels- og personnummer, telefonnummer og svara på spørsmåla som vert stilte. Kommunen vil bruka telefonnummeret du registrerer til å informera deg om vaksineringa vidare. Dersom du sjølv ikkje har mobiltelefon, må du registrera mobiltelefonnummeret til nokon som kan hjelpa deg med å bestilla time til vaksinasjon når dosane er klare, og det vert din tur til å verta vaksinert. Alternativ 2: Du treng hjelp av pårørande eller nære bekjente for registrera deg Trykk på lenkja for vaksineregistrering. («Registrer deg her») Den som hjelper deg, må logga seg inn ved å bruka sin eigen kodebrikke, BankID eller BankID på mobil. Hjelparen skal ikkje registrera opplysningar om seg sjølv, men leggja inn relevante opplysningar om deg. På nettsida skal de registrera ditt fødsels- og personnummer, telefonnummer og svara på spørsmåla som vert stilte. Spørsmåla gjeld om du ønskjer å ta vaksine, om du er i ei risikogruppe og helsetilstand. Kommunen vil bruka telefonnummeret du registrerer, til å informere deg om vidare vaksinasjonsprosess. Dersom du sjølv ikkje har mobiltelefon, må du registrera mobiltelefonnummeret til nokon som kan hjelpta deg med å bestilla time til vaksinasjon når dosane er klare, og det vert din tur til å verta vaksinert. Alternativ 3: Du har ikkje høve til å bruka nettet, ring vaksinasjonstelefonen Ring vaksinasjonstelefonen på 56 16 00 10. Der får du nødvendig hjelp til å registrera opplysningane om vaksinasjonen. Ver merksam på at det kan vera ventetid på telefonen. Når du har registrert deg, vil du etter kvart få varsel på SMS når det er klart for at du kan få vaksine. Dersom du har oppgjeve telefonnummeret til ein annan person, må du forvissa deg om at vedkomande varslar deg når det kjem ein SMS frå Øygarden kommune om at det er mogleg å bestilla tid til vaksinasjon. Når du har motteke SMS om at det er klart for timebestilling, må du anten sjølv eller ved hjelp frå andre, logga deg inn på same nettstad og bestilla time for vaksinering. Etter registrering i vaksinekø Vaksinen er gratis, og den er samansett av to dosar. Når du bestiller time til den første vaksinasjonsdosen, vert det automatisk sett opp ny timeavtale til deg for den andre dosen. Vaksinasjon for personar med fastlege utanfor kommunen I Øygarden kommune får eldre innbyggjarar og personar i risikogrupper tilbod om vaksine hjå fastlege. Nokre av desse innbyggjarane i Øygarden har fastlege i ein av nabokommunane. Øygarden kommune gjev også tilbod om vaksine til desse. Dei kan ringja koronatelefonen. Vaksinasjon for personar som ikkje er folkeregistrerte i kommunen Øygarden kommune gjev tilbod om vaksine for personar som ikkje bur i kommunen, men har lengre opphald i kommunen i samband med arbeid og utdanning. Dei kan også registrera seg elektronisk. Registrer deg herFordeling av vaksinerDet er Folkehelseinstituttet som fordeler vaksinar, og Øygarden kommune vil gje vaksinar etter kvart som det er tilgjengelege dosar.Pris for vaksineVaksinasjonen er gratis.MengdevaksineringMengdevaksineringa vert gjennomført i Sotra Arena, Idrettsveien 50 på Søre Straume og i andre hallar etter kvart som det oppstår behov. Hugs å ta med legitimasjon og munnbind.Nyttige lenkjer Generell informasjon om koronavaksinering i Øygarden kommune Vaksinekalender for Øygarden kommune Informasjon om koronavaksine på nettsida til Folkehelseinstituttet Coronavirus immunisation programme, information in English Sist endra03.03.2021 15.34