Redusert handlingsrom

Dei høge energiprisane har gjeve Eviny eit auka handlingsrom både når det gjeld investeringar og utbytte til eigarane.
- Konsekvensen av forslaget frå regeringa om å endra skatte- og avgiftssystemet er at dette handlingsrommet vert mindre, meiner Eviny.

Ill. - Klikk for stort bileteIll.


Det heiter det i ei pressemelding frå Eviny (PDF, 104 kB) som i dag (5. oktober) møtte eigarane til dialog om energimarknaden og forslaget frå regjeringa om nytt skatteregime.

- I ei tid der det skjer mykje i energimarknaden og der rammevilkåra slik vi kjenner dei i dag er i spel, er dialog med eigarane viktig, seier styreleiar i Eviny, Jan Erik Kjerpeseth.

Dei største eigarane i Eviny er Statkraft og Bergen kommune. Øygarden kommune har ein eigardel på 3,43 prosent.

På agendaen stod handtering av den ekstraordinære energimarknadssituasjonen, forslag til nytt skatteregime for vasskrafta og konsekvensar for eigarar og strategien for konsernet, inkludert sikringsstrategi.

- Målet med eigarmøta er å ha ein open dialog mellom verksemda og eigarane. Det er viktig for oss, og eg opplever at det også er viktig for eigarane våre, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.

Aadland meiner det er eit paradoks at forslaget frå regjeringa medfører tapte moglegheiter i grøne investeringar som vi treng meir av enn nokon gong i den omstillinga samfunnet står i.

Tekst: Vigleik Brekke
Fotomontasje: Eviny