Prioriterte spelemiddelsøknader

Utval for tenester og levekår sluttar seg til tilrådinga frå kommunedirektøren når det gjeld prioritering av spelemidlar for 2023.  Saka vert avgjort av kommunestyret.

Frå møtet 16. i utval for tenester og levekår 16. november - Klikk for stort bileteFrå møtet 16. i utval for tenester og levekår 16. november

Utvalet var samla til møte onsdag.

Det ligg ei prioriteringsliste på 20 prosjekt innan idrett og fysisk aktivitet og eitt prosjekt innan nærmiljøanlegg. Dei tre høgast prioriterte prosjekta innan fysisk aktivitet er symjebasseng Hjeltefjorden arena (9,5 millionar kroner), Spildepollen skuleområde (10,8 millionar kroner) og kunstgrasbane Spildepollen (2,7 millionar kroner). Det prioriterte nærmiljøanlegget er buldrevegg på Grønatorget, Straume.

Prioriteringslista for spelemidlar 2023 tar utgangspunkt i allereie gjentatte søknader, fornya søknader og nye søknader som er komne inn til kommunen hausten 2022.

Prioriteringa er basert på  tre prinsipp:

1. Dei eldste søknadene er prioritert høgast
2. For søknader mottekne same år vert private anlegg prioritert framfor kommunale anlegg
3. Høgast søknadsbeløp kjem først

I saksutgreiinga kan du lesa heile prioriteringslista.

Oppmuntringspengar

Etter framlegg frå Ernst Einarsen (H) vart det samrøystes innstilt på at alle som deltek på dagtilbod skal få arbeidsoppmuntringspengar for opphald på arbeid og dagaktivitetstilbod.

Bakgrunnen for denne saka er eit tidlegare vedtak i formannskapet om å få ei lik ordning i heile kommunen og at ho vert harmonisert etter modell frå tidlegare Fjell kommune.

Andre saker

  • Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026
    Det var ikkje realitetsbehandling av budsjettet. Utvalet tok saka til orientering. Eit framlegg frå Eva Aarskog (SV) om å gjennomføra ei medarbeidarundersøking vart vedlagt protokollen. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak 15. desember.

     
  • Gjennomgang og oversikt av struktur og kapasitet for barnehage og skule
    Utvalet tilrår å ta saka til orientering og at skulebruksplan og barnehageplan skal vurderast ved neste rullering av planstrategien.
  • Tilstandsrapport frå barneverntenesta 2022
    Det vert tilrådd å ta saka til orientering. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret
     
  • Salsløyve for alkohol
    Olaisen Mat AS får innvilga salsløyve for alkohol gr. 1. Salsløyvet gjeld i omsøkte lokale i Fjellavegen på Fjell gard.

Orienteringar

Før behandling av sakene var det orientering om status og opptrappingsplan – heimetenesta, status for MOT 2022 og plan for 2023, status og resultat etter tverrfagleg arbeid i ungdomsteamet, løypemelding om pågåande planarbeid og arbeid med eit trygt og godt skulemiljø.


Tekst og foto: Vigleik Brekke