Presisering om kva tid barn i barnehage må sendast heim

Det har vore ein del uvisse om kva tid eit barn som går i barnehage, må sendast heim på grunn av symptom på sjukdom. Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har no kome med ei presisering om dette.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto 

I presiseringa går det fram at barn og tilsette kan koma i barnehagen når dei ikkje har symptom på sjukdom. Ved gjennomgått luftvegsinfeksjon kan barn koma tilbake når dei har god allmenntilstand og tilsette koma tilbake når dei er symptomfrie.

Det vert også presisert at dersom ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje stadfesta covid-19, kan barnet og den tilsette møta i barnehagen som normalt. Desse skal likevel gå heim frå barnehagen dersom dei får symptom.

Nokre barn kan ha restsymptom etter ein gjennomgått luftvegsinfeksjon som til dømes rennande nase (uavhengig av farge på nesesekret) eller sporadisk hoste. Desse barna kan koma i barnehagen dersom allmenntilstanden er god og barnet er tilbake i sin vanlege form.

Informasjon om presiseringa er sendt til barnehagane i Øygarden.

Les meir her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke