Positive til å gje lån til Øygarden fotballklubb

Etter ein lengre debatt torsdag kveld, vart det mot fire røyster (MDG og SV) vedteke at Øygarden kommune er positiv til å gje Øygarden FK eit rentefritt lån på inntil kr 1,2 millionar kroner. 

Frå møtet torsdag kveld. På talarstolen; Egil Haaland (Ap). - Klikk for stort bileteFrå møtet torsdag kveld. På talarstolen; Egil Haaland (Ap). 

Saka kom opp som ekstrasak etter at klubben har hamna i eit økonomisk utføre og treng eín million kroner for å unngå konkurs. Klubben har søkt om eit rentefritt på to – tre millionar kroner.

Formannskapet får fullmakt til å gje eit lån under føresetnad at det vert lagt fram ein drifts- og økonomiplan som viser korleis pengane vert brukt og at pengane vil gje klubben evne til å drifta vidare. Det er også ein føresetnad at drifts og økonomiplanen gjev svar på at risiko for at pengane ikkje vert tilbakebetalt er rimeleg og at tilbakebetalingsplan på lånebeløp er del av økonomiplanen.

Formannskapet vert innkalla til møte måndag ettermiddag for å følgja opp kommunestyrevedtaket.

I vedtaket heiter det vidare at eit eventuelt lån vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet. Kommunedirektøren får fullmakt til å utarbeide låneavtale

I debatten gjorde Arbeidarpartiet det klart at heile gruppa ville støtta framlegget frå kommunedirektøren om å gje eit rentefritt lån. I fleire av gruppene var det delte syn på om klubben burde få lån. Etter at Atle Dåvøy (KrF) presenterte eit fellesforslag frå fleirtalspartia, slutta eit klart fleirtal i kommunestyret seg til dette.

- Vi lever av lokal entusiasme. La oss heia på kvarandre og la oss ikkje drepa entusiasmen uansett kva vi konkluderer med, sa ordførar Tom Georg Indrevik i debatten.

Økonomirapport

Kommunestyret tok økonomirapport pr. 1. kvartal 2022 til vitande. Fleirtalspartia (Høgre, Frp, Sotralista, KrF og Venstre) og Folkets Parti FNB utgjorde fleirtalet med 27 røyster. I vedtaket heiter det at kommunedirektøren må setja i verk tiltak for at årsresultatet vert nådd. Tiltaka skal presenterast i formannskapsmøtet 14. juni 2022. Alle ekstrainntekter skal spesifiserast, og disponering skal leggjast fram for formannskapet (ref. økonomi reglementet). Mindretalet (Ap, Sp, Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og Raudt, 17 røyster) røysta for innstillinga om at kommunedirektøren vert beden om å innarbeida tiltak for å halda budsjettet.

Økonomirapporten for første kvartal for Øygarden kommune viser eit positivt netto driftsresultat på 15,9 millionar kroner. Netto driftsresultat er 14,9 millionar kroner betre enn periodisert budsjett. Men går ein nærare inn på tala, viser det seg at årsprognosen indikerer eit meirforbruk på om lag 29 millionar kroner. Med meirinntekter på 21 millionar kroner innan finansområdet, er den totale årsprognosen eit meirforbruk på om lag åtte millionar kroner. Saka går til behandling i kommunestyret.

Fleirtalspartia har gruppemøte i saka om lån til Øygarden FK. - Klikk for stort bileteFleirtalspartia har gruppemøte i saka om lån til Øygarden FK. 

Flyttar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) til rådhuset

Kommunestyret vedtok samrøystes at PP-tenesta vert flytta til dei tidlegare NAV lokala i Øygarden rådhus, og at det vert utført nødvendige tilpassingar av lokala. PPT er i dag lokalisert i Skjenet 2.

Det skal gjennomførast ei ombygging av dei tidlegare NAV-lokala i underetasjen og andre etasje i Øygarden rådhus innanfor ei kostnadsramme på 7,5 millionar kroner. Dette vert finansiert ved å omdisponera tidlegare løyvingar på 7,5 millionar kroner frå prosjekt «Ombygging Skjenet 2» til prosjekt «Ombygging av NAV lokale i Øygarden Rådhus».

Tidlegare innvilga tilleggsfinansiering (jamfør tidlegare sak i formannskapet) for ombygging av Skjenet 2 på 3,6 millionar kroner vert ført tilbake til samlepost ombygging/rehabilitering bygg.

Ny alminneleg taksering av eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok at det skal gjennomførast ei ny alminneleg taksering i 2022 som gjeld frå og med skatteåret 2023. Takseringa skal omfatta alle skattepliktige eigedomar etter eigedomsskattelova § 3 c i heile kommunen.

Endring i alkoholpolitisk handlingsplan

Kommunestyret vedtok nokre endringar i alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024. Vedtaket inneber mellom anna at det kan gjerast unnatak for skjenking for idrettsarenaer der det frå før er innvilga fast skjenkeløyve ved serveriingsstad.

Venstre fekk fulltilslutnad for eit forslag knytt til vinmonopol. Der heiter det at tidlegare Øygarden kommune var på lista til Vinmonopolet med aktiv søknad om etablering av polutsal i kommunesenteret på Rong. Det er naudsynt med eit nytt vedtak i kommunestyret i samband med gjeldende alkoholpolitiske handlingsplan for at kommunedelsenteret på Rong skal vera aktiv på lista over lokalitetar til vurdering for etablering av polutsal. Det vert søkt AS Vinmonopolet om etablering av eit polutsal i kommunedelsenteret på Rong. Det er tale om eit mindre polutsal etter same modell som er etablert i kommunedelsenteret i Skogskiftet.

Endrar politisk delegeringsreglement

Formannskapet og kommunestyret har tidlegare behandla ei sak om endringar i det politiske delegeringsreglementet. Endringane har vore knytte til ansvarsområdet til utval for plan. Saka vart sist utsett i kommunestyret i februar.

Etter framlegg frå fleirtalspartia vart det vedteke å visa til sak 57/2020 og 68/2021og ber om at administrasjonen følgjer opp dette når det gjeld framdrift på dei ulike plansakene. For sikra nok ressursar til å sikra gjennomføringa av prioriteringar i sak 68/2021 vert ytterlegere framdrift for arealdelen til kommuneplanen utsett til våren 2023. Forslag til endringar av delegasjonsreglement vert oversendt til utvalet som mellom anna skal vurdera storleiken på kommunestyret.

Nils Kåre Skoge (H) - Klikk for stort bileteNils Kåre Skoge (H) 

Arbeidsutval skal vurdera storleik på kommunestyret

Det vart samrøystes vedteke å oppretta eit politisk arbeidsutval på fem personar som skal sjå på og vurdera talet på medlemer i kommunestyret for neste kommunestyreperiode og evaluera forskrift om rettane til folkevalde når det gjeld godtgjersle og velferdsgode. Utvalet skal også evaluera reglement for møte og eventuelle endringar i delegeringsreglementet. Endringsforslaga frå arbeidsutvalet vert lagt fram i sak til formannskap og kommunestyre.

Utvalet vert samansett av Nils Kåre Skoge (H), Anita Garlid Johannessen (FrP), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) (leiar), Sølvi Kobbeltvedt (Sp) og Jan Utkilen (Sotralista). Sekretær vert Beate Hetlevik frå administrasjonen.

Tilrådinga frå formannskapet var at det skulle setjast ned eit arbeidsutval på tre medlemer. Etter eit framlegg frå Sp. vart det samrøystes vedteke å auka talet til medlemer i utvalet på fem medlemer.

Gjev samtykke til riving av industribygg i Knarrvika

Kommunestyre vedtok å samtykka i at riving av industribygg og lagerhall på gbnr 40/1 i Knarrvika kan gjennomførast sjølv om det er nedlagt mellombels forbod mot tiltak i området.

Føremålet med KDP med restriksjonssone for Knarrvika er å sikra at det ikkje vert sett i gang ny nærings- og hamneverksemd i området som kan bidra til auka risiko for samfunnskritiske funksjonar og infrastruktur i området ut over det som allereie er identifisert i ROS-analysen.

I vedtaket heiter det at kommunestyret vurderer det slik at gjennomføring av nemnde tiltak ikkje vil vanskeleggjera planlegginga i området. Kommunestyret viser til brev dagsett 7. april kultureininga i Øygarden kommune har sendt til Hlm Arkitektur og vedtek at fabrikkpipa kan rivast.

Veteranplan

Kommunestyret vedtok veteranplanen slik han låg føre. Kommunedirektøren får i oppdrag å evaluera og oppdatera planen i samarbeid med det lokale veteranmiljøet i kommunen etter at planen har verka i eitt år.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at for samfunnet og kommunen er det viktig både å sjå og nytta den kompetansen som veteranane representerer, samstundes som det må finnast eit støtteapparat som kan stilla opp for dei som treng det.

Strategi for å gjennomføra heilskapleg symjeopplæring i Øygardsskulen

Det vart vedteke at Øygarden kommune skal lysa ut ein konkurranse og inngå avtale om opplæring av elevar på 9. trinn med ein ekstern aktør som hjelper skulane med dei nye læreplanmåla i KR001-05.

Restfinansiering av tilbodet for hausten (kr 55 000) skal dekkjast inn ved justering av budsjettet for 2022. Kostnad for 2023 (kr 250 000) skal innarbeidast i budsjettet for 2023.

Tilstandsrapport for grunnskulen

Kommunestyret vedtok «Handlingsplan for oppfølging av grunnskulen 2020-2021 slik han låg føre. Saka handlar om korleis skulen på kort sikt kan arbeida inn mot elevar som strevar med dårleg motivasjon og psykisk helse. Det er lagt inn konkrete tiltak for å hjelpa skular eller klassar som over tid opplever dårlege resultat på nasjonale prøvar på kort og lang sikt.

Diverse årsmeldingar

Årsmeldingane for eldrerådet, råd for menneske med funksjonsnedsetjing, ungdommens kommunestyre vart tekne til orientering.

Ei rekkje talarar tok ordet og rosa årsmeldingane og arbeidet i dei tre råda. Fleire peika på at råda no, i større grad enn tidlegare, vert involverte i det politiske arbeidet og at innspela deira vert tekne omsyn til i ulike planar.

Suppleringsval

Kommunestyret godkjende at Lars Vassenden (Raudt) får fritak for dei politiske verva sine for resten av kommunestyreperioden. Det vart gjort fleire suppleringsval og endringar i utval og råd. 

Dette inneber mellom anna at

  • Egil Haaland (Ap) rykkjer opp frå 1. varaplass til fast representant i kommunestyret.
  • Åse Gunn Husebø (Ap) vert ny leiar i kontrollutvalet etter Mons Tore Nakken som døde 10. mars.
  • Pål Ferstad-Løland (Raudt) vert nytt medlem i kontrollutvalet.
  • Espen Cornell Jacobsen (Ap) vert nytt medlem i styret for Øygarden brann og redning.
  • Ingvild Skaar (Ap) vert ny fast medlem i utval for plan.

ØyVAR

Kommunestyret tilrår at styret for ØyVAR AS vert attvald med Børge Haugetun (V) som styreleiar. Formell generalforsamling i selskapet vert halden seinare.


Tekst og foto: Vigleik Brekke