Populært med sommaraktivitetar

Kommunale sommaraktivitetar er eit populært tilbod for barn og ungdom dei første vekene av sommarferien.

Sjøleik - Klikk for stort bileteSjøleik 

Om lag hundre barn i barneskulealder deltok på ein eller fleire aktivitetsdagar i løpet av den første veka med sommaraktivitetar i Øygarden.

Veka starta med kinodagar, først for småtrinnet og deretter for mellomtrinnet. Lokalkinoen Odeon Sotra legg godt til rette for kjekke opplevingar med mat og drikke før filmframsyninga.

Hilde Kristin Egeland på Øygarden kulturskule seier at dette først og fremst skal vera eit tilbod til barn og ungdom som ikkje har så mange andre tilbod i ferien.

- Til neste år er planen at vi skal søkja midlar frå Bufdir og forhåpentlegvis få til eit endå betre program med fleire tilbod slik at fleire barn og ungdom får høve til å delta, seier Egeland. 

Aktivitetar i og ved vatn brukar også å slå godt an, og med finvêret vi har hatt no blei det fantastiske dagar med coasteering, SUP (Stand Up Padling/brettpadling) og leik i vatn på Syltøy og på Glesvær.

Denne veka er det ungdomsskuleelevar som får tilbod. Det startar med to-dagars fotokurs på Straume bibliotek der fotograf Veronika Stuksrud lærer deltakarane korleis dei kan ta gode bilete med mobilkamera og etterpå redigere bileta.

Onsdag og torsdag blir det kurs i gatekunst med den lokale gatekunstnaren Bjor Grønner.

Foto: Hilde Kristin Egeland

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete