Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Politikarane fekk mange løpeballar frå ungdomen

- Kva er den sørlegaste bebudde øya i Øygarden kommune? Dette var eitt av 14 spørsmål i Kahoot-konkurransen som ungdommens kommunestyre konkurrerte seg imellom på innspelsmøtet om samfunnsdelen til kommuneplanen fredag ettermiddag.

Ungdomane har klare tankar om kva som er det beste med heimstaden. - Klikk for stort bileteUngdomane har klare tankar om kva som er det beste med heimstaden. 

Ungdomane viste at dei kunne mykje om kommunen, og i konkurransen vart det stilt spørsmål som mange av dei i moden alder ville fått trøbbel med. I det heile tatt vart det eit engasjert og innhaldsrikt digitalt møte om samfunnsplanen der ungdomen fekk seia sitt om kva tankar dei har om framtida og kva dei ønskjer at politikarane skal prioritera.

I arbeidet med samfunnsdelen vert det denne våren gjennomført ei rekkje medverknadsmøte for å danna eit godt kunnskapsgrunnlag i planarbeidet. Den 10. april er det eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing som skal ha innspelsmøte.

Det var Emil Øvretveit som på vegner av ungdommens kommunestyre (UKS) som ønskte velkomen til digitalt møte på Teams.

- Vi har dette møtet for at du kan gje innspel, sa Øvretveit som også minna om at det er mogleg å koma med synspunkt i innspelsportalen.

- Det handlar om menneske

Øvretveit stilte eit konkret spørsmål til ordførar Tom Georg Indrevik om kva som er det beste med Øygarden?

- Det er innbyggjarane. Alt i kommunen handlar om menneske, og mennesket er det viktgaste og flottaste med Øygarden kommune. Bruk tida til å pressa oss som er eldre. Vi lovar ikkje alltid at de skal få gjennomslag, men de skal alltid verta høyrde, sa ordføraren.

Leiar i utval for samfunnsutvikling Andreas Kallekleiv, var også på plass på møtet.

- Då er var 19 år, var eitt av kriteria at eg etter utdanninga skulle busetja meg i heimkommunen, sa utvalsleiaren.

Så kom dei utfordrande spørsmåla som perler på ei snor.

- Kan vi få utandørs basketballbane på Straume eller Ågotnes? Kan det etablerast spelehall på Straume? Kan vi få meir undervisning om mobbing og rasisme i skulen? Får vi kommunepsykolog på skulen, kan skulen få meir pengar til aktivitetar og skal Sotra vidaregåande skule pussast opp?

Det siste var ikkje av det vanskelegaste for ordføraren ettersom det er fylket som har ansvar for vidaregåande undervisning.

- Ja, det skal koma ny skule som etter planen skal vera ferdig i 2025 eller 2026. Det er Vestland fylke som byggjer skulen. Når det gjeld baskeballbane, er det noko vi bør få til. Vi tar alle innspela med oss, sa ordføraren.

Kahoot-konkurransen om Øygarden engasjerte møtedeltakarane. - Klikk for stort bileteKahoot-konkurransen om Øygarden engasjerte møtedeltakarane. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Kva er det beste med heimplassen vår?

Med bruk av mentimeter vart det stilt spørsmål til UKS-medlemene om kva som er det beste med staden der dei bur. For ungdomane handlar det om bu nær skulen, tilgang til turområde, kjøpesenter, mange tilbod, gode lærarar, gode vener, godt nabolag og at det er roleg.

Ungdomane gjennomførte også digitalt gruppearbeid. Der vart det mellom anna lista opp kriterium for den gode staden å bu. Svara til ungdomane på dette var at innbyggjarane må verta høyrde, det må vera tilgang på fritidsaktivitetar og høve til å engasjera seg. Det må også vera godt kollektivtilbod.

Ungdomspolitikarane er også opptekne av at det på ungdomsskulen vert gjeven god undervisning i utdanningsvalfaget. Dei ønskjer også at kommunen på ein betre måte enn i dag gjev informasjon om sommarjobb for ungdom.

Ordførar Tom Georg Indrevik var imponert over opplegget for innspelsmøtet for barn og unge.

- Dette er kjempegodt jobba. Bruk ungdommens kommunestyre og kom med innspel, sa ordføraren.

Les meir om samfunnsdelen til kommuneplanen her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke